Mann som holder eit tak over eit spørsmålsteikn

Om reguleringsplanar

Reguleringsplan

Ein reguleringsplan er ein plan som fastset korleis området kan utnyttast og kva som kan byggjast.

Ein reguleringsplan består av eit plankart med tilhøyrande føresegner og planskildring. Reguleringsplanen angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader.

Ein reguleringsplan kan utarbeidast som ein detaljreguleringsplan eller ein områdereguleringsplan, avhengig av omfanget av kva som skal regulerast. Det kan og gjennomførast mindre endringar av reguleringsplanar.

Mindre endring

Hovudregelen er at endring og oppheving av reguleringsplan må gjennom nøyaktig same prosessar som for utarbeiding av ny plan. Det fører til at oppstart, varsling, utarbeiding av reguleringsendring og handsaming av endring eller oppheving av plan, på alle punkt er dei same som ved utarbeiding av reguleringsplan. Mindre endringar kan likevel handsamast enklare.

Med mindre endringar meiner ein endringer som ikkje har nevneverdig betydning for nokon berørte partar eller interesser. Vurderinga av kva som er «mindre vesentlig endring» har etter den praksis som er utvikla etter pbl. 85 ofte vore for vid. Føresetnaden er at «mindre endring» skal vurderast snevrere. For eksempel vil endring av arealformål ikkje vere ei «mindre» endring. Ei justering av grensene mellom to formål kan likevel i dei fleste tilfelle sjåast på som ei mindre vesentleg endring.

 

Krav om reguleringsplan

Som hovudregel er det krav om reguleringsplan for større byggje- og anleggstiltak. Ynskjer du å utvikla eit område som ikkje er regulert må du difor utarbeida ein reguleringsplan for området. Private planframlegg skal følgja opp innhaldet i kommuneplanen sin arealdel og kommunen sine andre planar som kan vera aktuelle for området/utbyggingsforma.

For å sjå om ein eigedom er regulert, kan ein gå inn i vår kartløysing, kommunekart.com, og søkja opp den aktuelle eigedomen ved hjelp av adresse eller gards- og bruksnummer.

Private forslagsstillarar, organisasjonar og andre myndigheiter har rett til å fremja forslag til reguleringsplan. Planforslaget må utarbeidast av ein fagkunnig, og Ullensvang kommune har krav til korleis planforslaget skal utformast, samt kva det skal innehalde.

 

Planprosessen

Plan- og bygningslova set klare krav til planprosessen, jf illustrasjonar under.

Private reguleringsplansaker vil starta med eit møte, jf. pbl § 12-8. Gjennomføring av oppstartsmøte vert i innbyggjartorg for Ullensvang kommune.

Føremålet med møtet er å oppretta ein tidleg kontakt mellom forslagsstillar, den fagkunnige og kommunen, samt å leggje grunnlag for ein god planprosess. Oppstartsmøte skal primært gje ei gjensidig orientering der planlagde føremål og avgrensing vert presentert av den fagkyndige/forslagsstillar, og kommunen avklarer plansituasjonen og sannsynlege krav til planlegginga. Det skal og avklarast, evt. berre drøftast, om planframlegget utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram.

Gjennomføring av oppstartsmøte skal skje før kunngjering og formell varsling om oppstart regulering/reguleringsendring. Forslagstillar/fagkunnigg tingar oppstartsmøte med kommunen via eige skjema. Kommunen si førebuing til oppstartsmøtet vert gjort på grunnlag av tinging frå forslagsstillar. Til hjelp i førebuinga og for gjennomføringa av møtet er det laga ein mal for referat frå oppstartsmøte. Her framgår det informasjon og krav til den vidare prosessen fram til innlevering av planforslag. Kommunen sin sakshandsamar fyller ut referatet og sender det ut i etterkant av møtet. Normalt vil eit oppstartsmøte kunne haldast om lag 2 veker frå tinging (kommunen kallar inn til møtet).

 

img-fluid portrait
img-fluid portrait