Pressemelding – Kommunal kriseleing – 1. november 2024, kl. 12:00

Kinsarvik

Situasjonen har roa seg. utfordringa med elva har roa seg ned. Dei har fått straumen att i Kinsarvik bortsett frå på industriområdet i Husedalen og kanskje nokre delar av Kinsarvik som framleis manglar straum.

Kinsarvik vassverk har store ødeleggelsar. Store delar av Kinsarvik står utan vatn. Det er kokevarsel i Kinsarvik. Dei som faktisk får vatn i springen må koka vatnet. Dette er dramatisk, men ein får tilført drikkevatn på tankar. Beredskapstankar med vatn er plassert ved Bråvolltunet i Kinsarvik og på parkeringsplassen ved Mikkelparken. Det er fleire vasstankar på veg. Vi avhjelper situasjonen no, og må arbeida vidare med meir permanente løysingar for nødvatn. Så må ein sjå om ein kan få noko vassforsyning på plass att i vassforsyningsanlegget. Dette dreier seg om ca 260 abbonentar i Kinsarvik som er ramma av vanskane med vassforsyning.

Det er flytta mannskap frå Kinsarvik til Lofthus.

Miljøstasjonen i Kinsarvik har fått skader.

Elva Vivipo i Husedalen er blokkert. Det vert no gjort eitt arbeid for å løysa opp denne blokkeringa slik at ein førebygger skader.

Det er store øydeleggingar på Husemoen i Kinsarvik.

 

Lofthus

Det er totalt sett evakuert 22 hus på Lofthus per no Hordatunvegen og Osen. Totalt 44 personer er evakuert på Lofthus. Ein er redd for at brua der ute skal kollapsa. Brua Legene er stengt. Situasjonen er krevande. Det vert jobba med å vurdera evakuering av fleire hus på Lofthus. Dei evakuerte har fått plass på Krossvoll (samfunnshus). Ullensvang gjesteheim er evakuert. Hardanger folkehøgskule

Veisane Barnehage har fått skade. Det blir jobba aktivt med situasjonen på Lofthus.

Det er flytta mannskap frå Odda og Kinsarvik til Lofthus.

 

Eitrheim

Bebuarane får flytta heim. Det vert vakthald ved elva.

 

Stana

5 personar er evakuert. Det vert vurdert om dei kan flytta attende.

 

Odda

Opovassdraget har mykje vatn, men det ser ut til å roa seg ned.

 

Buerdalen

Det er gått ras. Vegen er stengt. Vi må få opna vegen. Nødetatar kjem ikkje til Buer no. Vi freistar å få lov til å senda mannskap inn som kan opna vegen.

 

Vegopningar/vegstengningar

  • Fv 49 Odda-Jondal er open.
  • Rv13 Oddadalen er opna. Det er etablert lyttevakter.
  • Odda-Tyssedal Rv13 er opna. Det er etablert lyttevakter.
  • Tyssedal – Lofthus Rv13 er stengt ved Okslatunnelen.

Stengt veg på Rv13 Lofthus vert skal vurderast av geolog/vegvesenet, om den kan opnast i løpet av dagen.

Fv 550 er stengt ved Edna og utforbi Eitrheim. Det vert arbeidd med å få på plass midlertidig bru. Det kan skje i løpet av ein dag, men det kan også gå ei veke.

 

Situasjonen vidare

Situasjonen på Lofthus er vanskeleg. Elles ser det ut som tilhøva roar seg. Vi håper at situasjonen på Lofthus også roar seg ned.

 

Skryt til mannskapa

Det har vorte gjort ein utruleg innsats frå offentlege, frivillige og private personar. Dette har bidratt til at skadene har blitt betydleg mindre enn dei elles kunne vorte.

 

Nytt møte i KKL vert klokka 17:00

 

Roald Aga Haug
Ordførar