Pressemelding – Kommunal kriseleiing – Uvêr

Kommunen sat Kommunal kriseleiing (KKL) klokka 21:30.

Alle vegar stengt inn og ut av Odda er stengt. Hardangerbrua er stengt.
Det har vore innskreinka ferjetilbod.

Kommunen forsøker å få ferjer i beredskap. Vegane er stengte, nokon av dei fleire stader og det er vanskeleg båtvær.

Vegstengingar:

  • Ved Sandvinsvatnet, Rv 13. Jordskred – trær i vegbanen.
  • Rv. 13 Hylsåa i Suldal, Rogaland, jordskred.
  • Vegen mellom Odda og Kinsarvik stengt, Rv 13 ved Skarvabjørgtunnelen, steinsprang.
  • Fv 550 Nord for Måge, stengt på grunn av steinsprang, jordskred.
  • Fv 49, Jordskred ved Folgefonntunnelen, stengt veg (dvs stengt mellom Odda og Kvinnherad. Stengt mellom Odda og Jondal).
  • Fv 49, Flom mellom Austrepollen og Nordrepollen, stengt veg.
  • Buervegen er stengt på grunn av rasfare (kommunal veg)

 

Helse

Helsepersonell – der organiserer ein slik at ein held bemanning i høve til personell.

 

Oppvekst

Får oversikt over kva personell som kan arbeida på den enkelte eining.
Odda ungdomsskule stenger i morgon, jamfør manglande tilgang på personell. Ein prioriterer å halda Odda barneskole og får lærekrefter dit.

 

Båtressursar

Røde kors båten kan vera her om 3-4 timar. Den er ein god ressurs for å transportera folk med helseproblem.

Det vert samstundes arbeidd med å få på plass ekstra båtmateriell til å transportera personell til arbeid og ved kritiske tenester.

 

Kontakt kommunen:

Kontakttelefonnummer til kommunen: 46 78 50 67

Gjeld det akutte hendingar, ring beredkskapsnummeret 91 19 34 37

Vi viser til politiet sine meldingar om at ein ikkje bør ferdast på vegane unødig.

Det er viktig at den enkelte tek forholdsreglar for å ivareta eigne eigedomar.

 

Roald Aga Haug
Ordførar