Pressemelding – Kommunal kriseleiing, 6. mars, kl. 15:00

Været har betra seg. Fagfolka har avklart mange forhold og vil fortsetta med det utover dagen. Håpet er at alle vegane, bortsett frå E-134 ved Håfoss/Etne, vert opna i løpet av kvelden.

 

Riksveg:

Rv 13 Odda-Kinsarvik: stengt mellom Okslatunnelen og Fresviktunnelen er stengt for almenn ferdsle, men nødetatane slepp forbi per no. Planen er at vegen vert opna for almenn trafikk ca kl. 16:00. Dette kjem det oppdatert informasjon om på vegvesenet sine nettsider www.175.no

 

Fylkesveg:

  • Fv 5098 mellom Jondal og Krossdalen er stengt pga ras (ca 100 innbyggarar er isolert). Fylkeskommunen håper det kan avklarast opning klokka 18:00 i kveld. Sjå www.175.no for oppdatert informasjon.
  • Fv 49: Vegen mellom Odda og Jondal er opna.
  • Fv 550 er stengt ved Grindanes mellom Åkre og Kråkevik, berekna opning kl. 18:00 jf vegvesenet sine nettsider, sjå www.175.no.

 

Kommunal veg:

  • Skjeggedalsvegen er opna.
  • Buervegen er opna.
  • Børvevegen er opna.

 

Eitrheimselva:

  • 28 personar har vore evakuert.
  • Nokon husstandar har fått flytta tilbake. Klokka 18:00 vil alle evakuerte få lov til å flytta attende.
  • Ein vil starta opp arbeid med å reparera skader på flaumførebygginga/plastringa i elva.

 

Båtmateriell:

Båtruter vert oppdatert på kommunen si nettside: www.ullensvang.kommune.no

Båttransport vert avslutta etter at vegane er opna.

 

Generelt:

  • Følg med på vegvesenet sine nettsider, www.175.no og Ullensvang kommune sine nettsider for oppdatert informasjon
  • Oppvekst: Det er forventa vanleg skulegang i morgon.

 

Kommunal kriseberedskap (KKL) er med dette avslutta.

 

Roald Aga Haug
Ordførar