Demens

Pårørandeskule med oppstart i september

Pårørandeskule er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.

Gjennom faglege forelesarar, plenums- og gruppesamtalar, får du kunnskap om demens. Kva følgjer kan sjukdommen ha for personen som vert råka, deg som pårørande og dine omgjevnader?

Praktisk informasjon

  • Oppstart: 10.09.24
  • Tid: kl. 18-21
  • Stad: Eide helsetun
  • Varigheit: 4 samlingar
  • Kursavgift: Gratis
  • Gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdommar.
  • Auka forståing for kommunisering og samhandling.
  • Betra kvaliteten på samværet med personen med demens.
  • Hjelpa pårørande å få betre kjennskap til rettar og aktuelle lover. Korleis få kontakt med hjelpeapparatet? Kven kan hjelpe?
  • Tilby støtte gjennom å møta andre pårørande i same situasjon.

Samlingar

10.09.24

  • Dei ulike demenssjukdommane. Førekomst, årsaker og symptom, førarkortvurdering v/ Torbjørn Bjotveit – Lege
  • Kommunikasjon og samhandling  v/ Charlotte Torsvik

17.09.24

  • Fysisk aktivitet, hjelpemidler og velferdsteknologi  v/ Randi Opheim (Fysioterapeut) og Celina Ramstad (Ergoterapeut)

24.09.24

  • Fremtidsfullmakt  v/ Tori Espe – Rådgjevar juridisk

01.10.24

  • Tenester i kommunen  v/ Nina Nordeide Torsnes – Tildelingskontoret
  • Eigenbetaling  v/ Evy Leivestad – Merkantil

I tillegg blir det innlegg frå pårørande og samtalegrupper.

Merk! Det kan bli endringar i programmet.

 

Påmelding og spørsmål:

  • Demenskoordinator i kommunen Hannelore Schweitzer
    Telefon: 90 36 17 45
  • Ullensvang demensforeining v/Liv With
    Telefon: 95 24 60 71
  • Ullensvang demensforeining v/Dagfrid Nilsen
    Telefon: 48 11 25 20