DemenskoordinatorEnglish versionPårørandeskuleKva er demens?Kven kan få hjelpDemenskoordinatoren kan hjelpa medHukommelsesteamKva tilbyr vi?Aktuelle lenkjer og lover

Demenskoordinator

Er du eller ein av dine ramma av sviktande minne eller demens? Då kan du få råd, støtte og rettleiing av demenskoordinator og hukommelsesteamet i kommunen.

Demenskoordinatoren tilbyr rettleiing, kurs, utgreiing i samarbeid med hukommelsesteamet og fastlegen. Koordinatoren er eit bindeledd mellom personar med demens og hjelpeapparatet.

Kva er demens?

Demens er ei fellesnemning for ei gruppe hjernesjukdomar som fører til sviktande minne, handlingsevne og språkfunksjon, endring i personlegdom og åtferd. Problema kan vera samansette og av praktisk, fysisk, psykisk eller sosial art.

Har du mistanke om at du sjølv, eller ein av dine nære, er i ferd med å utvikla demens, ta kontakt. Utgreiinga vert ofte gjennomført av fastlege i samarbeid med hukommelsesteam. Nokre gongar vert utgreiinga gjort hos spesialisthelsetenesta. Det er viktig å få stilt ein diagnose, uansett om symptoma skuldast demens eller anna sjukdom.

 

Kven kan få hjelp

  • Personar med mistanke om demenssjukdom som har behov for demensutgreiing
  • Personar med demenssjukdom som har behov for oppfølging etter å ha fått ein demensdiagnose
  • Pårørande og vener til personar med demens som har behov for oppfølging/rettleiing

 

Demenskoordinatoren kan hjelpa med

  • vera tilgjengeleg for personar med demens og deira pårørande
  • tilby individuelle samtaler, pårørandeskule og informasjon om kurs o.l.
  • kartlegga hjelpebehov og delta i utgreiing saman med hukommelsesteam og fastlege ved mistanke om demenssjukdom
  • ha oversikt over relevante tilbod og tenester frå kommunen
  • tilby koordinering av tenester
  • ha samarbeid med aktuelle partar som feks: lokal demensforeining, tildelingskontor, fysio- og ergoterapitenesta, heimetenesta, dagtilbod, sjukeheim/omsorgsbustad, spesialisthelsetenesta og fastlegane i kommunen
  • hjelpa med å finna ut kva hjelpemiddel du kan ha nytte av

Hukommelsesteam

Hukommelsesteam er eit lågterskeltilbod. Det vil sei at det ikkje er nødvendig med tilvising frå anna helsepersonell eller fastlege for å ta kontakt. Der det er mistanke om demens, tilbyr hukommelsesteam råd og rettleiing for korleis ein går fram for å få starta ei utgreiing. Tenesta er gratis

Hukommelsesteamet i Ullensvang kommune består av ergoterapeut, sjukepleiar, vernepleiar og skal i tillegg ha eit nært samarbeid med lege/fastlege.

 

Kva tilbyr vi?

Hukommelsesteamet skal sikra at personar med demens og pårørande får god kartlegging, og eit godt tilpassa tenestetilbod.

Arbeidsoppgåver:

Heimebesøk med kartlegging av diagnose og vurdering av hjelpebehov

  • vi gjer råd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • ved behov tilbyr vi oppfølging

Ta kontakt:

Alle som har ei bekymring knytt til demens, for eigen del, som pårørande eller hjelpepersonell kan gjerne ta kontakt.

Du kan også ta kontakt via fastlegen din.

Kontakter

Hannelore Schweitzer

Demenskoordinator

Besøksadresse: Bygdabøen 2

5750 Odda

hannelore.schweitzer@ullensvang.kommune.no

90 36 17 45

img-fluid portrait