Høglandsfe på grusveg. Foto: Skarv Studio

Om ulovleg bygde landbruksvegar

Skal du byggja landbruksveg må du søkja om løyve frå kommunen. Kommunen har ansvar for å handsama og gjera vedtak om landbruksvegar, Statsforvaltaren er klageinstans.

Landbruks- og matdepartementet har nyleg oppheva eit vedtak fatta av Statsforvalteren i Vestland. Og oppfordrer alle kommunar i den samanheng om å understreke kor viktig det er å søkje, og få løyve frå kommunen, før vegbygginga vert sett i gang. 

Vedtaket gjaldt godkjenning av ein landbruksveg i Bergen kommune der det vart søkt etter at vegen var bygd, det var altså ikkje gjeve byggeløyve frå kommunen når vegen vart bygd.

Landbruks- og matdepartementet seier i korte trekk at landbruksvegforskrifta ikkje har nokon heimel for å godkjenne søknadar om løyve til bygging av landbruksvegar som vert levert etter at vegen er bygd.

Årsaka er at byggjesaksforskrifta § 4-3 bokstav e, gjev unntak frå plan- og bygningslova sine byggesaksreglar for vegar som er godkjende etter landbruksvegforskrifta. Dersom vegen ikkje er godkjend før han vert bygd, må vegen handsamast etter plan- og bygningslova sine regler.

Det vil i klartekst seie at også vegar som ville fått byggeløyve etter landbruksvegforskrifta, dersom det vert søkt etter at vegen er bygd, må handsamast og evt. godkjennast etter reglane i plan- og bygningslova.

Les heile saka på nettsida til Statsforvaltaren i Vestland.