Odda 2019 - Foto Sigrid Dagestad

Odda Legesenter – bestill time sjølv

Odda legesenter har frå 1. januar 2024 lagt om til at du som innbyggjar sjølv skal bestilla deg time til fastlegen din.

Du skal frå 1. januar sjølv setja deg opp på legetime til fastlegen din ved Odda Legesenter. Logg inn på Helsenorge.no via nettside eller app, og Bestill time.

Fastlegane våre vil ha timer liggjande tilgjengeleg og du vel den dagen og tida som høver best for deg.

 

Fastlegetime

Ein vanleg fastlegetime er 10-15 minutt. Dersom du har behov for meir tid, må du gje beskjed på førehand, eller avtala ein ny time med fastlegen din.

Du bestiller time hjå fastlegen din. Om fastlegen har vikar er det vikaren du får time til.

Hovudregelen er ei problemstilling per legetime. Dersom du har fleire problemstillingar, bør du informera om dette i starten av timen. Då kan du saman med lege prioritera kva som er viktig for deg, og kva som eventuelt kan venta til ny time.

 

Akutte timar

Om du har behov for time på dagen, øyeblikkelig hjelp, skal du framleis ta kontakt per telefon.

Trur du at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringa medisinsk nødtelefon 113.

Ring legevakt når det hastar å få hjelp eller viss fastlege ikkje er tilgjengeleg.

Legevakt i Ullensvang kommune er stasjonert på Odda sjukehus.

Døgnope.