Møte i Kommunal kriseleiing 31. okt kl 19:30
Det har vore ein uoversiktleg situasjon på vegsida. Vi får ikkje god nok oversikt frå fylkeskommunen
Epos – er i rute. Båtruta vil bli lagt ut på kommunen sine nettsider og gjort tilgjengelig for media.
Edna- brua er kollapsa- Det vert arbeidd med å få på plass ei Baylei bru.
Evakuerte folk fra Eitrheim bur på Trolltunga hotell. Vi har i tillegg Hardanger Hotell og Tyssedal hotel tilgjengelig. Vi veit ikkje antallet, men det er over 20 personar som er evakuert.
Eitrheimselva – 20-30 meter av muren/plastringa/flomsikringa langs elva har blitt gravd ut og ligger lenger nede i elveløpet. Elveløpet ned mot brua er i ferd med å fyllast opp. Det er stor vassføring i elva.
Lofthus – det har vore vanskelige situasjon på fylkesveg som kommunen har forsøkt å ordna opp i. Kommunen har gjort tiltak for å berga hus.
Kinsarvik: Fleire kumlokk har blitt kasta bort av vannmassane. Folk må passa på når dei ferdes fordi det kan stå opne kummar utan lok.
Sivilforsvaret er aktive med totalt 18 personar på vakt som gjer stor bistand med ulik oppgåver.
Roald Aga Haug
Ordførar