Identity_merkeordning

MinRenovasjon – renovasjonsapp i ny versjon!

Vi har lagt ut ein ny versjon av «Min Renovasjon» med ein del forbetringar og feilrettingar. Last ned appen frå Google Play eller App Store. Om du allereie har appen må han oppdaterast til siste versjon.

Om app

MinRenovasjon er ein gratis app du kan lasta ned for å mellom anna få oversyn over henting av avfall der du bur og motta påminningar. Du kan og ha dialog med renovasjonstenesta i kommunen ved behov, og få oversyn over sortering og gjenvinningsstasjoner i kommunen. No er denne appen oppdatert til ein ny versjon, for å gi deg som brukar betre oversyn.

Du finn appen i App Store eller Google Play. Har du allereie app innstallert må du oppdatera denne for å få siste, nye versjon.

 

Tømmekalender med varsel

Tømmkalenderen viser datoar for kommande avfallstømming – kva avfall som blir henta når. Det er og mogleg å aktivera varsling på eit ønskt tidspunkt i forkant, slik at appen seier ifrå når det er på tide å setja fram dunken. For at varsling skal fungera for deg, er det viktig at du har den nyaste versjonen av MinRenovasjon.

Har du ein slektning som treng ekstra oppfølging rundt avfallstømminga, eller passar du huset til ein venn som er bortreist? Då kan du enkelt legga inn fleire adresser ved behov.

 

Kom i gang med MinRenovasjon på 1-2-3

  1. Last ned appen frå Google Play eller App Store. Om du allereie har appen må han oppdaterast til siste versjon.
  2. Søk opp *NAMN PÅ KOMMUNE** kommune, og legg til adressa eller gardsnummeret ditt/bruksnummer.
  3. Skru på varslar om du ynskjer det.

 

Viktig informasjon om varslar og tilgangar

Varsling frå appen kan utebli grunna innstillingar på mobiltelefonen din. Dette handlar i dei fleste tilfelle om at appen ikkje har fått dei løyva som trengst.

Du må godta at appen kan motta varslar, for å få dei varslingane du har behov for. Mobiltelefonen må og vera tilkopla WiFi eller mobildata på det varslingstidspunktet du vel. Alle varsel som er sende, eller forsøkt sendt, har du full oversyn over i appen under «varslingshistorikk».

 

Copy of UK - presentasjon TV 2 (1)