«Min Skole» app
Ullensvang kommune sine skular nyttar Visma sin app for digital kommunikasjon skule-heim.
Generell informasjon om app
Appen “Min skole” skal forenkla dialogen mellom skulen og heim for føresette med barn i grunnskulen. Via appen vil føresette kunna kommunisera med skulen, og få informasjon. Data frå appen vert handsama og lagra i Norge i henhold til gjeldende GDPR-regelverk.
Du kan lasta ned app i Apple Store og Google Play. Appen krev minsteversjon 13 for iOS (Apple) og versjon 9.0 for Android
Om du ikkje kan nytta appen på telefonen din
To alternativ:
- Bruk app på nettbrett i staden – den vil fungera på same måte som på mobiltelefon.
- Logge seg inn på Visma Flyt Skule på ei datamaskin via ein nettlesar – her kan du lesa og skriva meldingar til skulen.
Viktig: Vurderingar skrive av lærarar kan ikkje lesast av føresette gjennom appen. Dei som skal lesa vurderingar på mobil eller nettbrett må gå via nettlesar og logga seg på med id-porten på Visma Flyt skule.
Med appen aktivert kan føresette
- Sende melding til ein/fleire tilsette ved skule ein har barn knytt til
- Motta melding frå tilsett/skulen, inkl varslingar feks på SFO og Digitale skjema
- Melde og redigera fråvær
- Sjå timeplanen til barn (ikkje alle skular er klar med denne i appen)
- Sjå informasjon knytt til SFO-opphald og SFO Tilstedeværelse
- Sjå beskjedar frå skulen knytt til SFO Tilstedeværelse, og registrera eigne beskjedar