
Endring av reguleringsplan for E134 Røldalstunnelen – Seljestad
Kunngjering av endring etter forenkla prosess av reguleringsplan for E134 Røldalstunnelen – Seljestad.
Utval for samfunn, plan og næring har i møte 05.03.2025 fatta følgjande vedtak i sak 020/25:
I tråd med plan- og bygningslova § 12-14 vedtek utval for samfunn, plan og næring endring etter forenkla prosess av reguleringsplan for E134 Røldalstunnelen – Seljestad, planID 12282016004
Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket. Klagefristen er 3 veker rekna frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagd innan fristen på 3 veker.
Klagen skal sendast skriftleg til den som har fatta vedtaket, beskrive kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen. Dersom det blir klaga så seint at det kan vere uklart for oss om det er klaga i rett tid, ber vi om at det blir oppgjeve når denne meldinga kom
fram.