Bilete: dsb.no

Klarar du deg i sju dagar utan vatn og straum?

Klarar du deg i sju dagar utan vatn og straum? Styrk din eigen beredskap, dette er viktig for totalberedskapen i Norge

Ullensvang kommune råder innbyggjarane til å førebu seg på ei krise.

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober og her vert det sett fokus på at vi er alle ein del av Noreg sitt totalforsvar. Hovudbodskapen er at alle bør vurdere moglege hendingar og planlegge for sjølvberging i minst sju døgn ved bortfall av kritisk infrastruktur som straum og vatn.

Hausten 2018 vart kampanjen «Du er ein del av Norges beredskap» lansert. Eigenberedskapsveka starta i 2019 og er blitt ei årleg landsdekkande kampanjeveke der Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) aukar kunnskapen og medvitet om beredskap blant befolkninga. I Eigenberedskapsveka 2024 blir ein ny brosjyre sendt ut til alle norske husstandar.

 

Kva kan skje?

Vi lever i ein stadig meir uroleg verden – blant anna som følge av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Norge, må vi vera førebudd på at ekstremver, pandemiar, ulykker, sabotasjar og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss.

Slike krisar kan gi store konsekvensar. Straumbrot kan for eksempel føra til at vatnet i springen, kloakksystemet, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som normalt.

 

Trong for auka beredskap

Klimaendringar og sikkerheitspolitiske endringar krev auka beredskap. Vi må førebu oss på bortfall av kritisk infrastruktur og styrka totalforsvaret. Norge sin stabilitet og avhengigheit av fungerande infrastruktur gjer oss sårbare, noko som understrekar trongen for god beredskap. I mai 2024 oppdaterte DSB råda om eigenberedskap til å omfatte ei heil veke mot tidlegare tre dagar.

 

Meir informasjon om kva du kan gjere for å vera godt rusta

Råd om eigenberedskap finn du her:

 

God eigenberedskap viktig for totalforsvaret av Noreg. 
Bilete: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskapGod eigenberedskap viktig for totalforsvaret av Noreg. Bilete: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap