Innsamlingsordning for landbruksplast
Innsamling av landbruksplast er ikkje ei lovpålagt oppgåve for kommunane. Ansvar for utsortering, innsamling og levering ligg formelt hos bonden sjølv, jf. Avfallsforskriften.
Kommune ynskjer likevel å bidra til at landbruksplast blir samla inn og gjenvunnet. Vi har difor opna for gratis innlevering av landbruksplast til våre faste miljøstasjonar, året rundt. Foreløpig dialog med bønder og bondelag antydar at moglegheita for å kunne levere landbruksplast fortløpande er viktig for mange.
Sortering
Landbruksplast skal sorterast og leverast inn separat for dei 4 kategoriane under:
Kva type | Om landbruksplasten | Gjennvinning | Kan leverast ved miljøstasjonane |
---|---|---|---|
Kva type Rundballefolie | Om landbruksplastenElastisk materiale som blir nytta til innpakking av rundballar | GjennvinningMaterialgjenvunnet | Kan leverast ved miljøstasjonaneJondal, Kinsarvik, Lindenes og Utne |
Kva typeRundballenett/ innernett NB! Dette skal leverast ferdig pakka i storsekk! | Om landbruksplastenNett laga av plast som blir nytta for å pakke inn rundballar | GjennvinningSendt til forbrenning med energigjenvinning | Kan leverast ved miljøstasjonaneJondal, Kinsarvik, Lindenes og Utne |
Kva typeFiberduk | Om landbruksplastenFolie som skal halde skadedyr unna og beskytta avlinga | GjennvinningMaterialgjennvunnet | Kan leverast ved miljøstasjonaneKinsarvik |
Kva typeSolfangarfolie | Om landbruksplastenFolie som skal halde skadedyr unna og beskytta avlinga | GjennvinningMaterialgjennvunnet | Kan leverast ved miljøstasjonaneKinsarvik |
Rein plast
Om landbruksplast er sortert riktig og er rein nok, kan alle typane i tabellen leverast inn gratis. I kvalitetsrettleiaren frå Norsirk finn du informasjon om korleis du skal reingjere landbruksplasten riktig.
Du som bonde har eit eige ansvar for at landbruksplasten kan gjenvinnast. Det er viktig at du ristar plasten rein, og lagrar den så skjerma som mogleg. Tilsette på miljøstasjonane vil kontrollere at plasten som kjem inn tilfredsstiller kvalitetskrava. Plast som ikkje er omfatta av ordninga, og plast som er for skitten til å kunne materialgjenvinnast, vil bli fakturert som restavfall med næringsprisar.
Ny ordning
Gratis innlevering av landbruksplast på miljøstasjonane er i fyrste omgang ei forsøksordning som vil gjelde ut 2025. Mot slutten av året vil me vurdere resultata, og gjere eventuelle justeringar for 2026.
Enkelte områder har tidvis eller på fast basis hatt kommunale containerar til landbruksplast ståande ute. Denne ordninga vil no bli avvikla. Årsaka er ein kombinasjon av mykje forureining og avvik knytt til ordninga, og at den er dyr å drifte. Containerane vil bli henta inn i slutten av februar. De kan allereie no levere gratis til Jondal-, Kinsarvik-, Lindenes- og Utne Miljøstasjon.
Leige av container
Bønder som ynskjer eigne containerar til oppsamling av landbruksplast står fritt til å leige denne tenesta frå aktørar som tilbyr slik utleige.
I dag blir om lag 85 prosent av plasten som blir satt på markedet gjenvunnet. Materialgjenvinning av plast reduserer behovet for uttak av råolje, og gir lågare klimagassutslepp. Vi ynskjer å bidra i dette arbeidet gjennom samarbeid med lokale bønder.