Regnkle til barn på rekke og rad i barnehage

Innsamling av ikkje-ombrukbare tekstilar

I kommunen kan du levera heile, reine og tørre tekstilar i oppsamlingseiningar frå Fretex, UFF eller NorgeGir. På denne måten kan det du ikkje lenger bruker sjølv få eit nytt liv hos nokon andre.

Kva med øydelagde tekstilar?

Frå 1.1.25 er det ikkje lenger lov å kasta tekstil i restavfallet.

Målet til styresmaktene med dette er å få øydelagde tekstil til materialgjenvinning i staden for til forbrenning. Altså ønsker styresmaktene at det skal lagast nye materiale av dei. Derfor kan du no levera dei øydelagde tekstila dine i ei eiga innsamlingsordning til alle miljøstasjonane våre.

 

Kva skjer med dei øydelagde tekstila du leverer inn?

Tekstilane vert sorterte manuelt når dei kjem inn. Det som er brukbart, blir sortert ut og levert til Fretex.

Tekstil med mindre feil og manglar blir sorterte ut, og kan bli levert til diverse samarbeidsprosjekt med skular, barnehagar e.l. Der kan tekstilane reparerast, eller klippast opp og bli sydde om til nye produkt.

Tekstil som ikkje går til ombruk for sal eller redesign, skal etter planen sendast til gjenvinnig. Dessverre er det få anlegg som per i dag tek i mot øydelagde tekstilar. Mange tekstil er samansette av fleire ulike materiale, og er då spesielt vanskelege å gjenvinne. Renovasjonstenesta mellomlagrar tekstilar mens me leiter etter mottaksløysingar. Men fuktige og sopp-utsette tekstilar, og tekstilar me ikkje har plass til å lagre, må sendast til forbrenning med energigjenvinning som før.

Spørsmål om ordninga?

Ullensvang renovasjon

Opheimsgata 31

5750 Odda

renovasjon@ullensvang.kommune.no

48 27 87 33

u-ren.no