Feiar som skal feie pipe på toppen av eit tak

Informasjon til innbyggarar om endring av feie- og tilsynsgebyr

Med bakgrunn i nye uttalar frå Skattedirektoratet tilbakefører Ullensvang kommune meirverdiavgift (mva) på feie- og tilsynsgebyr ilagt etter 01.03.2021. Kommunen er i gong med å rette gebyra, og innbyggarar vil få tilbakebetalt mva-beløpet som har vore på 25 %.

Ullensvang kommune fekk i 2022 melding om at det skulle vere utgåande mva på feie- og tilsynsgebyr. Dette med bakgrunn i brev frå Skattedirektoratet 20.06.2006. I 2023-2024 har Skattedirektoratet gjort ny vurdering om feiing og tilsyn er omfatta av unntaket i meirverdiavgiftslova § 3-9. Konklusjonen kom i ei prinsipputtale frå Skattedirektoratet 12.02.2024. Skattedirektorat si vurdering er at kommunane ikkje skal berekne meirverdiavgift på gebyr for lovpålagt feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Årsaka for dette er at lovpålagt feiing og tilsyn med fyringsanlegg er vurdert å ikkje vere i konkurranse med private aktørar.

Ullensvang kommune tek dei nye uttalane til etteretning, og rettar gebyr tre år tilbake jf. foreldelseslova § 2. Gebyra fylgjer eigedomen, og kommunen rettar gebyra på den som står som eigar i dag. Årsgebyret for feie- og tilsynsgebyret har i åra 2021-2024 vore på kr 545 inkl. mva per pipeløp, kr 436 eks. mva. Mva-beløpet utgjer kr 109 per pipeløp per år. Årsgebyr for feie- og tilsynsgebyr for fritidsbustader har i åra 2021-2024 vore på kr 596,25 inkl. mva per pipeløp, kr 477 eks. mva. Mva-beløpet utgjer kr 119,25 per pipeløp per år.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til kommunen

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no