
Informasjon om løyve til motorisert ferdsel i utmark, vintersesongane 2020-2024
Utval for samfunn, plan og næring har i møtet den 4. november 2020 vedteke endringar i dei kommunale retningsliner for handsaming av motorferdselsaker i utmark i Ullensvang kommune, i samsvar med endring av forskrifta som vart gjeldande frå 1. oktober 2020.
Søknaden skal innehalda følgjande opplysningar
- Namn og fullstendig adresse på søkjar
- Opplysningar om køyretøytype (snøscooter, ATV, beltegåande køyretøy eller liknande)
- Føremål med transporten
- Start- og endestad for føremålet, med kart over køyrerute.
- Tidsrom for køyring og naudsynt tal turar
- Legeattest ved varig funksjonshemning for dei søknadane det gjeld
- Løyve frå grunneigar for vedhogst
- Løyvehavar pliktar henta inn løyve frå aktuelle grunneigarar for køyring over andre sin grunn før løyvet kan nyttast.
Søknaden skal vera kome inn til kommunen minimum 3 veker før køyring skal finna stad. Løyve som skal til politisk handsaming, må pårekna noko lenger handsamingstid.
Løyva gjeld for vintersesongane 2020/21, 21/22, 22/23 og 23/24.
Spørsmål om søknad, lover og reglar - ta kontakt med:
