Oppvekstplan-12

Folkemøte og høyring av melding for ny 420 kV kraftleidning Sauda-Blåfalli-Mauranger-Samnanger-Øygarden

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke tre meldingar frå Statnett SF for ny 420 kV kraftleidning frå Sauda i Rogaland via Blåfalli, Mauranger og Samnanger til Øygarden i Vestland fylke.

Meldingane gjev ei overordna beskriving av Statnett sine planar og forslag til kva konsekvensutgreiingar dei meiner må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon. Tiltaket påverkar Sauda, Etne, Kvinnherad, Ullensvang, Kvam, Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver, Askøy og Øygarden kommunar.

Meldinga som omfattar Ullensvang er 420 kV Blåfalli-Mauranger-Samnanger – denne vinn du meir informasjon om på nettsida til nve.no

 

Innspel

NVE ber om innspel på fylgjande:

  • Manglar i Statnett sitt forslag til konsekvensutgreiingar (utgreiingsprogram), til dømes tema eller spesielle lokale forhold som ikkje er vareteke og metodar som bør nyttast til særskilde tema i utgreiingane.
  • Innspel til Statnett sine melde leidningstraséar.
  • Om det er nye traséar som bør utgreiast utover dei som er melde.

Høyringsfristen er 16. januar 2025.

Du kan sende høyringsinnspel digitalt til tiltaka via nettsida til NVE i saka.

Det er også mogleg å sende fråsegner på e-post. Merk e-posten med «Høyringsfråsegn» og saksnummer 202410184 for strekninga Blåfalli-Mauranger–Samnanger. Hugs å oppgje namn og eventuelt organisasjonsnummer i innleiinga.

Høyringsinnspel kan også sendast per brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo.

 

NVE inviterar til folkemøte om meldinga

  • Tid: 13. november kl. 19.00
  • Stad: Ungdomshuset i Jondal.

På møtet vil NVE orientera om handsaminga av meldingane. Statnett vil vere til stades og orientere om planane sine. Det vil også bli moglegheit til å stille spørsmål. Møtet vil vere ope for alle interesserte.