Odda 2019 - Foto Sigrid Dagestad

Fargeplan for Odda sentrum

Trolltunga, frukthagar – og husa på Kalvanes! Dette er kanskje dei mest fotograferte motiva av turistar som besøker indre Hardanger.

Den fargerike husrekka vest i Odda har skapt stor interesse blant besøkande. På Instagram er det populært å dele bilete av byggjefeltet Kalvanes, som ligg på vestsida av Odda sentrum. Her lyser ei rekke fargerike hus opp.

Bakgrunnen for dei spreke fargevala både på Kalvanes og i Odda sentrum generelt har historisk med Smelteverket å gjere: Der ein i andre tettstadar fritt kunne mala husa kvite tidleg på 1900-talet, gjorde fabrikkstøvet i Odda at kvite hus var vanskelege å halde reine, og dermed malå folk husa sine med varmare fargar. Fargane grøn, oker og raud vart typiske for Odda.

Men då smelteverket stengde dørene i 2003 og støvet frå fabrikken la seg, byrja kvitfargen å ta over i bybildet. Ullensvang kommune ser med uro på utviklinga, og frykter at dette særtrekket ved Odda kjem til å tape seg om utviklinga held fram.

I 1997 utførde NIKU ei kartlegging som munna ut i ein fargeplan for Odda. Denne er tilgjengeleg for alle byens innbyggjarar som inspirasjon, og vi oppmoder huseigarar til å kikke på denne før ein velgjer farge.

Kanskje kan vi saman ta vare på noko av identiteten til Odda gjennom større kunnskap om den tradisjonelle fargebruken?

 

Utsyn over Kalvanes som speglar seg i fjorden i fint vær. Foto.