Bustadkontor i kommunen

Iflg vedtak i kommunestyret 21.10.2020, sak 163/20, har Ullensvang kommune etablert eit bustadkontor. Arbeidsoppgåver i Bustadkontoret er råd og rettleiing, sakshandsaming av startlån, bustadtilskot og bustøtte og ein del arbeidsoppgåver knytt til utleige av kommunale bustader. I oppstarten vil Bustadkontoret ha eit ekstra tett samarbeid med kommunal eigedom for opplæring i arbeidsoppgåver knytt til utleige av kommunale bustader.

Bustadkontoret skal ha eit tett samarbeid med mange kommunale verksemder og tenesteområde i samband med at mange av tiltaka i Handlingsplan Bustad – år 2021-2025, som vart vedteken i kommunestyret 18.11.2020, skal gjennomførast i tverrfagleg samarbeid.

Det er mykje som skal på plass dette første året: opplæring av tilsette, gjennomgang av gamle og utarbeiding av nye rutinar og retningsliner, og å få på plass nye samarbeidsformer og teamarbeid slik at me kan arbeida mest mogeleg tverrfagleg. Samtidig skal ordinær sakshandsaming knytt til startlån, bustadtilskot, bustøtte og tildeling av kommunal bustad ha høg prioritet slik at me kan bidra til å skaffe fleire ein god stad å bu.

Bustadkontoret er organisert som ei fagavdeling i Innbyggjar- og internservice. Ta gjerne kontakt med oss for ein samtale eller for å avtala tid til eit møte.

 

Kontaktinformasjon:

Ullensvang kommune v/ Bustadkontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

468 76 641