Barnehage

Bli barnehagelærar i Hardanger

Hausten 2025 startar det opp desentralisert barnehagelærarutdanning i regionen vår, med studiestad mellom anna i Odda. Utdanninga er i regi av Hardanger, Voss og Kvinnherad Studiesenter, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

Utdanninga har ei varigheit på fire år, og er ei deltidsutdanning med eit omfang på 75%. Studiet er nett- og samlingsbasert, og ein har praksis kvart år i løpet av studiet. Praksisen vert lagt til ein godkjend barnehage i nærleiken av der du bur, om mogleg.

Her kan du lesa meir om studietilbodet og fylla ut eit uforpliktande interesseskjema: Barnehagelærar-utdanning Høgskulen på Vestlandet.

 

  • Tilbyder: Høgskulen på Vestlandet
  • Oppstart: 1. sep, 2025
  • Omfang: Deltid over 4 år
  • Undervisning: Fysiske og digitale samlingar
  • Studiepoeng: 180

 

Søknadsfrist er 1. mars 2025