Odda 2019 - Foto Sigrid Dagestad

Vaksenopplæringa i Odda

I vaksenopplæringa vert det lagt vekt på eit trygt læringsmiljø der den einskilde får best mogeleg læring ut frå sine føresetnader.

Vaksenopplæringa i Odda tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap i tillegg til spesialpedagogikk. Vaksenopplæringa i Odda kan og leggja til rette for ulike kurs innan arbeidsretta opplæring.

Vaksenopplæringa både i Odda og Kinsarvik gjennomfører realkompetansevurdering på grunnskulenivå i samarbeid med dei andre vaksenopplæringane i regionen. Me arrangerar også norskprøvar, prøvar i samfunnskunnskap, samt statsborgarprøven.

Ta kontakt med rektor eller avdelingsleiar om du ynskjer meir informasjon.

 

Viktig - Kommande opplæring/kurs/prøve

Norskprøve A1-B2: Neste prøve du kan melde deg opp til, er prøven som er i mai 2024. Du kan melde deg på denne norskprøven måndag 15. april frå kl. 09:00. Påmeldingen stenger fredag 19. april kl. 23:59. Lenkje til påmelding finn du her.

Treng du statborger- eller samfunnskunnskapsprøva ta kontakt med rektor på vaksenopplæringa for å avtala prøvetid.

Skuleåret 2024/25 vil me starta med modulbasert grunnskuleopplæring. Dette er eit tilbod til alle innbyggjarane som manglar grunnskule. Les meir om dette på nettsida til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

Kontakt oss

Aase Rosenvold

Rektor - Vaksenopplæringa i Odda

aase.rosenvold@ullensvang.kommune.no

90 04 64 16

Anne Grethe Thiis Vestrheim

Avdelingsleiar - Vaksenopplæringa i Odda

anne.vestrheim@ullensvang.kommune.no

97 55 84 11

Artikler