Mannleg lærar som underviser vaksne

Grunnskuleutdanning for vaksne

Skuleåret 2024/25 vil vaksenopplæringa i Ullensvang tilby grunnskuleutdanning for vaksne i Odda og i Kinsarvik.

Fullført grunnskule for vaksne svarer til 10-årig skule for barn og unge.

Det blir gitt undervisning i dei fem faga som er nødvendige for å få grunnskuleeksamen for vaksne.

  • Skriftlege fag: norsk, matematikk og engelsk.
  • Munnlege fag: naturfag og samfunnsfag.

Grunnskulevitnemål gir moglegheit til å søkja vidaregåande opplæring.

Vaksne som ikkje har norsk grunnskule eller tilsvarande frå andre land, og som treng grunnskule, kan søkja.

Fullført grunnskule for vaksne svarer til 10-årig skule for barn og unge. Vaksne må fullføra faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag for å få grunnskulevitnemål.

Skuleåret 2024/25 vil me starta opp med modulbaserte opplæring for vaksne. Les meir om dette på nettsida til Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.

 

Kontakt vaksenopplæringa om du har spørsmål

Aase Rosenvold

Rektor - Vaksenopplæringa i Odda

aase.rosenvold@ullensvang.kommune.no

90 04 64 16

Sigrid Utne

Rektor - Vaksenopplæringa i Kinsarvik

sigrid.johanne.utne@ullensvang.kommune.no

97 01 62 14