Mannleg lærar som underviser vaksne

Voksenopplæringa i Kinsarvik

I vaksenopplæringa vert det lagt vekt på eit trygt læringsmiljø der den einskilde får best mogeleg læring ut frå sine føresetnader.

Vaksenopplæringa i Kinsarvik tilbyr grunnskuleopplæring for vaksne og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Grunnskuleopplæringa gir kompetanse til å gå på vidaregåande skule eller starte på eit læreløp.

Vaksenopplæringa både i Kinsarvik og Odda gjennomfører realkompetansevurdering på grunnskulenivå i samarbeid med dei andre vaksenopplæringane i regionen. Me arrangerar og norskprøvar, prøvar i samfunnskunnskap, samt statsborgarprøven.

Ta kontakt med rektor om du ynskjer meir informasjon.

 

Viktig å merka seg

Vaksenopplæringa i Kinsarvik tilbyr kveldsundervisning til hausten; A1 og A2. Meld di interesse til rektor ved vaksenopplæringa.

Kombinasjonsklasse ved Odda vidaregåande skule startar opp ved skulestart hausten 2024. Dette skuletilbodet er for elevar i alderen 16-24 år med kort butid, mangelfull grunnskuleutdanning og/eller gjerne mangelfulle norskkunnskapar.

Kontakt oss

Sigrid Utne

Rektor - Vaksenopplæringa i Kinsarvik

sigrid.johanne.utne@ullensvang.kommune.no

97 01 62 14

Vaksenopplæringa i Kinsarvik

41 57 09 92

Artikler