45353450172_0960f74dc9_c

Utdeling av jodtabelettar

Ved utslepp av radioaktivt jod er jodtabletter eit vernande tiltak som vert anbefalt av myndigheitene. Befolkningsvarsling vert gjennomført ved atomhendingar der Ullensvang kommune får ei slik oppmoding.

Generell informasjon

  • Inntak av jodtablettar skal skje så raskt som råd, og seinast 4 timar etter ei akutt hending.
  • Jodtablettar vernar berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff. Risiko for kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha vore utsett for radioaktivt jod er størst hos barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Desse gruppene vil derfor få utdelt jodtablettar.
  • Inntak av jod vil i dei fleste tilfelle setjast i verk i kombinasjon med oppmoding om å halde seg innandørs.

Beredskapslageret til Ullensvang kommune av jodtabletter vert teke vare på desentralisert på alle sjukeheimane i kommunen.

 

Gjennomføring

  • Utdeling skjer etter oppmoding frå Kriseutvalget for atomberedskap hos Statsforvalteren.
  • Befolkninga vert varsla når dei skal ta jobtabelettar og kor dei kan henta tabelettar via kriseleiinga.
  • Tablettar vert delt ut ved:
    • Røldal pleie og omsorg, Bygdavegen 44, 5760 Røldal
    • Bokko bo- og behandlinggsenter
    • Omsorg aust (Bråvolltunet), Bråvoll 1, 5781 Kinsarvik
    • Omsorg vest (Utneheimen), Fjordavegen 4199, 5778 Utne
    • Omsorgstenesta i Jondal (Vikevollen), Nordbøen 2, 5627 Jondal

 

Kontraindikasjonar

  • Kjent allergisk reaksjon mot jod. Henvis til legevakt. Lege må rådførast før bruk av jodtabletter viss det er mistanke om at ein er overfølsom/allergisk.
  • Personar med Graves sjukdom, autoimmun tyreoiditt, hypokomplementemisk urtikariell vaskulitt og dermatitis herpetiformis.
  • Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar.

 

Dosering

  • Gravide og ammande og dessutan barn/unge 12-18 år: 2 tablettar
  • Barn 3-11 år: 1 tablett
  • Barn 1 månad til 2 år: 0,5 tablett
  • Spedbarn <1 månad (skal givast berre under oppsyn av helsepersonell) 0,25 tablett

 

NB! Tablettane som er lagra i kommunen er gått ut på dato. Jod er svært stabil og har lang haldbarheit. Helsedirektoratet testar tablettane jamleg og bekreftar at desse kan brukast sjølv mange år etter at dato for holdbarheit er gått ut.

Kommuneoverlege, 07.03.2022