Ullensvang Vekst- og strategifond

Vedteke av Ullensvang kommunestyre den 29.04.2020 – sak 074/20.

1. Målsetting

Vekst- og strategifondet er eit kommunalt etablert verkemiddel for å nå dei målsettingar som kommunetyret trekk opp i overordna planverk som; Kommuneplan, strategisk næringsplan, reguleringsplanar og forpliktande vedtak fatta av kommunestyret om engasjement i samferdslespørsmål og reiselivstiltak inkl. nye selskapsdanningar. Fondet er ope for innskot frå private aktørar.

 

Fondet skal leggja langsiktige nærings- og utvikingsperspektiv til grunn for vedtak om engasjement. Engasjement bør og vera av ein slik art at det kan evaluerast i ettertid. Vekst- og strategifondet er ikkje eiga selskapsdanning, men er eit kommunalt nærings- og samfunnsutviklingstiltak (kommunalt fond) med eigne vedtekter. Det skal førast eige rekneskap for tiltaket som del av kommunerekneskapet.

 

2. Styresamansetting, funksjonstid og administrasjon

Vekst- og strategifondet har eit fondsstyre på ni:

  • Ordførar
  • Tre faste medlemmer frå formannskapet i tråd med val gjort 15. januar 2020
  • Leiar i Utval for samfunn, plan og næring* med nestleiar i komiteen som varamedlem. Alle med funksjonstid for den kommunale valbolken.

 

Dei fire siste medlemma med evt. personleg vara kjem frå:

  • Nærings/industriforeining – ein medlem
  • Handelsnæringa – ein medlem
  • Reiselivsnæringa – ein medlem
  • Landbruksnæringa – ein medlem

 

Funksjonstid i samsvar med mandat gitt frå utpeikingsinstans, men ikkje lenger enn ein kommunal valbolk.

Styreleiar er ordføraren i Ullensvang kommune.

Rådmannen stiller sekretær for styret for Vekst- og strategifondet

* det politiske utvalet i kommunen som har næringssaker til handsaming

Rådmannen har mynde til å fastsette søknadsfristane, og fullmakt til å setje vilkår for tildeling av tilskot.

 

Det vert stilt krav om at søkjar kontaktar kommunen eller den som yter denne tenesta på vegne av kommunen for innleiande samtalar, og for avklaring av innhaldet i ein eventuell søknad.

 

3. Økonomi

Fondet rår over dei ressursar som kommunestyret har stilt til disposisjon og dei tilgongar som fondet opparbeider seg. Fondet består av 3 element:

  • Grunnkapital, der målet er å bygga opp til ein kapital på minimum 12,5 millionar
  • Fri kapital
  • Løyvde, ikkje utbetalte midlar.

 

Grunnkapitalen er i utgangspunktet urørleg. Deler av den kan frigjerast av kommunestyret dersom det er behov for tilførsel av fri kapital. Om fondet vert avslutta, skal dette vera ein minimumsressurs som vert tilbakeført til kommunestyret sin disposisjon.

 

Fri kapital er til ei kvar tid summen av:

a. Ved overføring av nye midlar til fondet skal 1/3 av midlane vera fri kapital
b. Overskytande grunnkapital
c. Kapitalinntekter frå grunnkapitalen
d. Tilgangar i form av aksjar eller andre aktiva frå selskap og tiltak der fondstyret har avvikla engasjementet sitt eller selt seg ned.
e. Innskot frå andre aktørar: Stat, fylke eller private aktørar.

 

Løyvde, ikkje utbetalte midlar:
Løyvde midlar som ikkje vert brukt, skal førast tilbake som fri kapital.

 

4. Engasjementsformer

a. Tidsavgrensa innskot i form av eigenkapital* i selskapsdanningar eller som
medaktør (eigar) i bompengeselskap, operatørselskap, reiselivsdestinasjonar m.v. Engasjementperioden skal vera definert i vedtaket
b. Tilskot med definert tak.
c. Lån på definerte vilkår

*Målsettinga er å få i gang tiltak som har ”livets rett” ved å gå inn på eigarsida og så selja seg ut når tiltaket er ”kome på fote”. Inntekter frå sal av aksjar vert tilbakeført til fri kapital for fondsstyret. Tap ved konkurs / nedskriving av aksjeverdi eller opphøyr vert bokført som tap. Det kan ikkje nyttast midlar frå grunnkapitalen til investeringar i eigenkapital i selskap, som tilskot/lån eller garantiar for lån. Grunnkapitalen er fast og urørleg.

 

Ved kjøp og sal av aksjer skal endeleg avgjerd gjerast av kommunestyret, slik saksgang:

  1. Rådmannen innstiller, med grunnlag i tilråding frå styret for Vekst- og strategifondet, til formannskapet.
  2. Kommunestyret fattar vedtak om kjøp/sal av aksjer jfr kommunelova § 14-2.

 

5. Samvirke

Vekst- og strategifondet står fritt til å gå inn i prosjekt (på forprosjektnivå, hovudprosjektnivå) som på tidlegare stadium (forstudie, forprosjekt) er utvikla med bidrag frå andre kommunale verkemiddel som t.d. næringsfondet, kulturfondet eller Røldal næringsfond.

 

Vekst- og strategifondet skal primært vera eit tiltak for store og ”tunge” saker og/eller strategisk viktige spørsmål og saker.

 

6. Fysiske infrastrukturtiltak

Fondet kan engasjera seg i kommunikasjonstiltak – som t.d. Ullensvang kommune sine engasjement i samferdselsselskap der Ullensvang kommune alt er engasjert eller for å bidra til planutvikling / avklaring av / eller planutvikling av tunge trafikale omleggingar som t.d. framtidige vegløysingar på overordna nivå. Fondstyret skal i samferdselssaker eller engasjement i selskap som Ullensvang kommune er medlem av – avklara engasjementet sitt politisk og kan difor i slike saker ikkje gjera bindande vedtak, men koma med innstilling til kommunestyret – evt. via Utval for samfunn, plan og næring om tida tillet det. Kommunestyret fattar vedtak med bindande verknad, men ikkje med slik konsekvens at grunnfondet sine midlar vert brukt.

 

7. Avgrensingar

Fondet sine midlar kan ikkje disponerast til kommunale ubyggingsoppgåver som kommunale vegar eller grunnlagsinvesteringar for annan kommunal utbygging inkludert VAR-sektoren.

 

Oppmoding om utbetaling skal vere skriftleg (brev eller e-post). Ved avvik mellom beløpa i søknaden og faktiske kostnader vil det vera dei faktiske kostnadane som avgjer kor mykje som blir utbetalt, avgrensa til beløpet i vedtaket.

 

Om ikkje anna er nemnt i tilsagnet, er det gyldig i 12 månader rekna frå vedtaksdato. Det kan gjevast forlenging dersom tungtvegande grunnar tilseier det.

 

8. Kontroll og tilsyn

Fondet sin aktivitet fell inn under kontrollutvalet og kommunerevisjonen sine oppgåver.

 

 

Har du spørsmål angåande Vekst- og strategifondet? Ta kontakt med:

Inge Håvard Aarskog

Næringssjef

inge.aarskog@ullensvang.kommune.no

948 01 823