1Grønt ikon av familie inne i eit hus beskytta av to hender

Trygt og godt skulemiljø (§ 9A)

Alle skulane i Ullensvang kommune skal arbeida systematisk for å gi alle skuleelevar eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø. Alle elevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dette gjeld både for det psykiske og fysiske læringsmiljøet, jf § 9A i Opplæringslova

Denne retten og plikta gjeld i heile skuletida, på skulevegen, SFO og leksehjelp.

 

Handlingsrettleiar ved melding om mobbing eller trakassering

Dei tilsette i skulemiljøet har eit overordna ansvar for å førebyggja og vera observante vaksne i samvær med elevane, og plikt til å gripe inn og stoppe krenkinga om mogeleg. Rektor skal varslast og skulen skal undersøke det som har skjedd.

Kvar enkelt skule har si eiga plan ved melding om mobbing og trakassering, men har ein felles handlingsrettleiar kor nivå og steg frå BTI-rettleiaren er synleggjort.

 

Skjema: Aktivitetsplan

I følge Opplæringslova §9A-2 har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

Skulen skal lage ein skriftleg plan i Visma Flyt skule når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå:

  • kva problem tiltaka skal løyse
  • kva tiltak skulen har planlagt
  • når tiltaka skal gjennomførast
  • kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka
  • når tiltaka skal evaluerast