Trening i grupper
Ergo- og fysioterapitenesta har ulike tilbod om trening i grupper, både for spesifikke pasientgrupper og generell frisklivstrening.
Gruppetrening mor og barn
Enkle øvingar for å komme i gang med aktivitet etter svangerskap og fødsel. Treninga passar alle uansett treningsbakgrunn. Du kan starte treninga 6 veker etter fødsel.
Det vil og vera mogleg å stille spørsmål til fysioterapeut i samband med gruppa, enten det gjeld mor eller barn.
- Tid: Sommarferie – vi annonserer når vi startar opp att til hausten
- Stad: Gymsalen på Odda Vidaregåande.
- Kontakt: Mob. 414 50 647
Gruppetrening for personar med kreft og personar som har overlevd kreft
Treninga vil gå føre seg i gruppe leia av fysioterapeut, men det vert lagt til rette for individuelle tilpassingar. Det vil i hovudsak vera styrketrening, kondisjon og avspenning. Etter treninga vert det sosial samling for dei som ynskjer det (med atterhald).
- Tid: Torsdag 13:30 – 14:30
- Stad: Kjellaren på Bokkotunet, Odda
- Pris for deltaking: 25 kr. pr. gong
Gruppetreninga er eit kontinuerleg tilbod. Ein kan byrja kva tid som helst, så lenge det er plass i gruppa. Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta for påmelding
KOLS/lungegruppe
Treningsgruppe for personar med KOLS eller anna lungesjukdom.
- Tid: Onsdagar kl. 13:00 – 15:00
- Stad: Helsehuset i Odda
- Pris etter gruppetakst for fysioterapi
Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta for påmelding.
MS-gruppe
Treningsgruppe for personar med Multippel Sklerose.
- Tid: Måndagar kl. 10:00 – 11:00
- Stad: Kjellar på Bokkotunet
- Pris etter gruppetakst for fysioterapi
Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta for påmelding.
Balanse/fallførebyggjandegruppe
For personar over 65 år med redusert balanse, som har falt eller er engsteleg for å falle. Gruppetrening med fysioterapeut 2 gonger i veka over 10-12 veker.
- Tid og stad: Balansegruppa går jamleg i kommunen på ulike plassar etter behov og ynskje.
- Pris: kr. 450,-.
Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta for påmelding.
“Aktiv A” - gruppe
Treningsgruppe og kurstilbod for personar med mild til moderat artrose. Kurs vert sett opp etter behov og etterspurnad.
- Stad: Helsehuset i Odda
- Pris etter gruppetakst for fysioterapi
Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta for påmelding.
Muskel/skjelettgruppe
Treningsgrupper for personar med muskel/skjelettplager.
- Tid: Treningsgrupper vert sett opp etter behov og etterspurnad
- Stad: Helsehuset i Odda og Tunvoll på Lofthus
- Pris etter gruppetakst for fysioterapi
Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta for påmelding.
Frisktrim
Frisktrim er eit lågterskel aktivitetstilbod som er ope for alle som ynskjer å delta. Fokus er styrketrening og kondisjon, og ein tilpassar intensitet etter eige nivå. Gratis deltaking.
- Oddahallen: Måndag kl. 11:00 – 12:00
- Jondalshallen: Måndag kl. 14:00 – 15:00
- Herand kulturhus: Torsdag kl. 11:00 – 12:00
- Fjordahallen i Kinsarvik: Oppstart i løpet av hausten
- Hauso skule: Torsdagar kl. 12:00 – 13:00
Pensjonisttrim
I samarbeid med pensjonistforeningen.
- Tid: Tysdagar, kl. 10:00 – 11:00
- Stad: Kjellaren på Bokkotunet i Odda