Solarium

Forsking har vist at solariebruk kan auka risiko for føflekkkreft. Særleg om ein starter i ung alder, og ved langvarig og hyppig bruk.

Det er 18-års aldersgrense for bruk av solarier. Strålevernforskrifta stiller krav til eigar, forhandlar og importør av solarium. Lokale som vert nyttta til solarium er i tillegg til strålevernforskrifta og omfatta av Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og hulltakingsvirksomhet. Dette for å sikre tilfredsstillande hygieniske forhold og hindre overføring av smittsame sjukdommar.

 

Kva gjer miljøretta helsevern?

Lokaler som skal nyttast til solarium er meldepliktige til kommunen (Miljøretta helsevern). Både Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) og kommunen (Miljøretta helsevern) kan utføra tilsyn med solarier.

Krav som gjeld for dei som eig eller driv solarium:

  • Det er 18-års aldersgrense
  • Ein må ha bestått Solariumsprøven
  • Meldeplikt til DSA

Kontakt oss