Søk- eller sei opp plass i kulturskulen
Hovudopptak til elevplassar i kulturskulen er kvar vår, men vi tek imot påmelding heile året. Det er mogleg å leige instrument i mange av disiplinane, dette er gratis det første året. Har du spørsmål om opptak eller søknad – kontakt oss.
Lenker
Påmelding
For å melde deg eller dine born på til våre tilbod, må ein gå inn på SpeedAdmin, og opprette ein brukar der. Der vil du få opp dei ulike aktivitetane vi kan tilby.
Oppseiing av elevplass
Skal du sei opp plass ved kulturskulen, kan du gå via SpeedAdmin og følge oppskrifta der. Får du ikkje til å melde deg av, send ein e-post til kulturskulen.
Frist for å melda seg av for vårsemesteret er 1. april.
Melder du deg av etter fristen, må du betale semesteravgift.