Skjenkeløyve for einskildhøve
Søknad om skjenkeløyve for einskildhøve skal vera levert til kommunen seinast to veker før løyvet skal takast i bruk.
Frå kommunen sine alkoholpolitiske retningslinjer:
- Løyvet gjeld for arrangement som festival, bygdafest, offentleg arrangement og anna. Sakshandsaminga er forenkla, då det dreier seg om kortare periode enn faste løyver.
- Det vert ikkje gjeve skjenkeløyve for idrettsarrangement.
- På større arrangement som til dømes bygdafestar, vert det sett som villkår at skjenkestyrar og minst 1 av øvrige vaktar/ mannskap må ha gjennomført skjenkekurs i regi av kommunen eller ha teke kunnskapsprøven for skjenkeløyve.
- For å få løyve til einskildhøve må det vere minimum 18 år aldersgrense til skjenkelokalet. Det kan søkjast om dispensasjon på arrangement der det vil vera naturleg å gje adgang til ungdom under 18 år. Dette kan t.d. vera konsertar, revy eller andre kulturelle arrangement.
- På såkalla bygdafestar kan ungdom frå 15 år og oppover delta. Vilkår for dette er at det vert utabeidd og vedlagd ei risikovurdering/handlingsplan i søknaden, for å hindra at mindreårige får tilgang til alkoholhaldig drikk. Det skal vera matservering og dans. Vakthald skal godkjennast av politiet. Brot på villkåra sett i løyvevedtaket og alkohollova kan medføra karantene for både huseigar