Serveringsløyve
Verksemder som serverer mat eller drikka, må ha serveringsløyve.
Korleis få serveringsløyve?
- Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøven for å søkje om serveringsløyve. Løyvet vert gjeve til selskapet som eig staden.
- Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
- Er det eigarskifte, må det søkjast om nytt serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdragelse.
Vedlegg som må følgja søknaden:
- Prov på bestått etablerarprøve for dagleg leiar.
- Beskriving av driftskonsept
- Kartskisse over serveringslokale
Det tek omlag 4 veker å handsamar søknad om serveringsløyve. Søknaden vert sendt på høyring til politiet, og Skatteetaten. Rådmannen i Ullensvang kommune fattar vedtak om tildeling eller avslag på søknad om serveringsløyve.