Retningsliner for bustadtilskot til tilpassing, utgreiing og prosjektering til enkeltpersonar
Vedteke i Ullensvang kommunestyre, sak 037/20 – 26.02.2020
1. Formål
a) Tilskot til tilpassing
Tilskot skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad, no eller i framtida, kan finansiera nødvendig tilpassing av bustaden. I tillegg skal tilskotet medvirka til å auka tal bustader som har god tilpassing for personar med nedsett funksjonsevne.
b) Tilskot til utgreiing og prosjektering
Tilskot skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad skal få utgreidd og prosjektert løysingar for å få ein betre tilpassa bustad.
2. Tildelingskriteriar
Tildeling av tilskot vil vera avhengig av at det er disponible kommunale midlar for tildeling av tilskot til enkeltpersonar og i samsvar med evt politiske føringar for prioritering for tildeling
a) Tilskot til tilpassing
Tilskotet kan tildelast til tilpassing av bustad til personar med nedsett funksjonsevne og til eldre som ynskjer å tilpassa bustaden sin, slik at dei framleis kan bu heime ved framtidig nedsett funksjonsevne. Tildeling vert gjort etter ei økonomisk behovsprøving, og tilpassinga må vera hensiktsmessig.
I større tilpassings/ombyggingssaker skal ergoterapeut si vurdering/tilråding av valgt løysing leggjast ved søknaden.
b) Tilskot til utgreiing og prosjektering
Tilskotet kan tildelast til enkeltpersonar for utgreiing og prosjektering av bustader som skal dekka spesielle behov. Tilskotet kan tildelast når nokon i husstanden har behov for tilpassing for å kunne fungera i bustaden i dag eller i framtida. Tilskot til utgreiing vert som hovudregel berre tildelt til eksisterande bustader. Tilskotet kan nyttast til enkle undersøkingar av bustaden, bl.a tilkomst til bustad, beskrivelse av den tekniske tilstanden, arealbehov, mogelegheiter og avgrensingar og økonomiske overslag. Tilskotet kan tildelast til å dekke kostnader til leige av fagleg hjelp til prosjektering, dvs. td. leige av arkitekt og liknande. Tilskot kan også tildelast til prosjektering av velferdsteknologi. Utgreiing og prosjektering skal utførast av fagkyndig.
3. Utmålingsreglar
a) Tilskot til tilpassing
Størrelsen på tilskotet vert tildelt ut i frå tilgjengelege midlar, og ei heilheitsvurdering av husstanden sin økonomi, behov og mogelegheiter for støtte frå andre offentlege ordningar.
Ved tilpassing av utleigebustader, skal det vurderast om det er rimeleg at
utleigar dekkar kostnaden, heilt eller delvis.
b) Tilskot til utgreiing og prosjektering
Tilskotet kan dekka kostnader til utgreiing med inntil kr. 20.000,- pr sak
Tilskotet kan dekke kostnader til prosjektering med inntil kr. 20.000,- pr sak
Størrelsen på tilskotet vert tildelt ut i frå tilgjengelege midlar, og ei heilheitsvurdering av husstanden sin økonomi, behov og mogelegheiter for støtte frå andre offentlege ordningar. Det kan i særskilte tilfelle tildelast
høgare tilskot – i slike saker skal det gjerast ei ekstra økonomisk behovsvurdering før tildeling.
4. Prioriteringar
Søknader frå personar som har eit føreliggjande behov for tilpassing av bustaden på grunn av nedsett funksjonsevne skal prioriterast først. Det skal i vurderinga leggjast vekt på økonomien til husstanden.
Legeerklæring og/eller uttale frå ergoterapeut skal vedleggjast søknaden
Prioriteringar:
- Familiar med funksjonshemma barn og føreliggjande behov.
- Husstandar med føreliggjande behov og svak økonomi
- Husstandar med føreliggjande behov og normal god økonomi
- Husstandar som ynskjer å tilrettelegge for framtidig behov
5. Sikkerheit
Tildelt tilskot skal som hovudregel sikrast med tinglyst pant i eigedomen innanfor marknadsverdi vurdert etter tilpassing er gjennomført for evt krav om tilbakebetaling av tilskot. (Sjå også pkt 7 og 8)
Tilskot til leigetakar i utleigebustad kan etter ei vurdering tildelast utan tinglyst pant for tilskotet.
Dokumentasjon på langsiktig leigeavtale som er tidsuavgrensa eller på minimum 10 år skal vedleggjast søknaden for å sikre at leigetakar får bu i den tilpassa bustaden.
Tilskot på inntil kr. 40.000,- kan tildelast utan sikkerheit.
6. Utbetaling av tilskotet
Tilskotet kan verte utbetalt i takt med framdrift eller i si heilheit når tilfredsstillande sikkerheit er etablert, bustaden er overteke/prosjektet er ferdigstilt/utbetringa er gjennomført og søkjar har dokumentert at kostnadane er påløpt og fakturert. Arbeidet skal som hovudregel godkjennast av ergoterapeut/evt anna person frå kommunen før utbetaling.
7. Avskriving av tilskotet
Tilskot til tilpassing for enkeltpersonar vert avskrive med 5% pr fullført år frå utbetalingsdatoen.
Tildelt tilskot under kr. 40.000,- vert avskrive ved utbetaling
Tilskot til leigetakar kan vurderast avskrive ved utbetaling ved dokumentasjon på langsiktig leigeavtale – sjå pkt. 5.
8. Krav om tilbakebetaling
Tilskotet kan verte kravd tilbakebetalt heilt eller delvis dersom føresetnadane for tildelinga ikkje vert overhelde. Dersom bustaden vert overdregen til ny eigar i avskrivingsperioden, vil resterande tilskot verte kravd tilbakebetalt, evt verte omgjort til eit rente- og avdragspliktig lån. I særlege tilfelle, t.d ved sal av bustad som fører til tap, kan krav om tilbakebetaling av tilskot fråfallast.
9. Klagerett
Det er klagerett på vedtak om tilskot til tilpassing, utgreiing og prosjektering av bustader som skal dekka spesielle behov. Klagen må vera skriftleg, og skal sendast til Ullensvang kommune, Opheimsgata 31, 5750 Odda. Klagen må grunngjevast, vise til det vedtaket det vert klaga på og kva endringar ein ynskjer. Klagefrist er tre veker frå underretning om vedtak er kome fram. Dersom klagen ikkje vert gitt medhald, vert den sendt til klagehandsaming i Ullensvang kommune.