Retningsliner for bustadtilskot til etablering i eigen bustad1. Formål2. Tildelingskriteriar3. Utmålingsreglar4. Prioriteringar5. Sikkerheit6. Utbetaling7. Avskriving8. Krav om tilbakebetaling
Grønt modellhus oppe i handlekurv

Retningsliner for bustadtilskot til etablering i eigen bustad

Vedteke i Ullensvang kommunestyre, sak 037/20 – 26.02.2020

1. Formål

Tilskot skal bidra til etablering i eigen bustad for vanskelegstilte.

 

2. Tildelingskriteriar

Tildeling av tilskot vil vera avhengig av at det er disponible kommunale midlar for tildeling av tilskot til enkeltpersonar og i samsvar med evt politiske føringar for prioritering for tildeling

Tilskot til etablering kan tildelast til enkeltpersonar til etablering i eigen bustad, refinansiering som er nødvendig for å behalda bustaden, utbetring av eigen bustad og ved kjøp av brukt bustad som er nødvendig for at bustaden skal vera råd å bu i og eigna for bebuar over tid. Tilskot kan tildelast til reetablering av vanskelegstilte som har behov for ein betre tilpassa bustad.

Tildeling av tilskot vert gjort etter ei økonomisk behovsprøving. I vurderinga skal det bl.a leggjast vekt på om potensialet med fastrente og lengre nedbetalingstid på startlån er godt nok utnytta – Jfr. pkt. 3. Det skal leggjast vekt på at husstanden sin situasjon er av langvarig karakter. Dei mest vanskelegstilte og personar med langvarige økonomiske problem skal prioriterast.

 

3. Utmålingsreglar

Størrelse på tilskot skal vurderast ut i frå tilgjengelege midlar, (sjå pkt 2), og ei heilheitsvurdering av behov og mogelegheiter for støtte frå andre offentlege ordningar. Ved utmålinga, skal det før tildeling av tilskot, bl.a  leggjast vekt på om det er råd å gje startlån med nedbetalingstid på mellom 30-50 år.

 

4. Prioriteringar

Vanskelegstilte i bustadmarknaden og spesielt familiar med barn skal ha høg prioritet.

 

5. Sikkerheit

Tilskotet skal sikrast med tinglyst pant i bustaden innanfor marknadsverdi, eller i adkomstdokumenter til bustaden innanfor marknadsverdi for evt krav om tilbakebetaling av tilskot, jfr pkt 7.

Tilskot på inntil kr. 40.000,- kan gis utan sikkerheit.

 

6. Utbetaling

Tilskotet kan utbetalast når tilfredsstillande sikkerheit er etablert, bustaden er overteken/prosjektet er ferdigstilt/utgreiinga er gjennomført, og søkjar har dokumentert at kostnadane er påløpt og fakturert.

 

7. Avskriving

Tilskot til etablering og refinansiering vert avskrive med 5% pr fullført år frå utbetalingsdatoen.

Innvilga tilskot under kr. 40.000,- vert avskrive ved utbetaling.

 

8. Krav om tilbakebetaling

Tilskot kan krevast tilbakebetalt heilt eller delvis dersom føresetnadane for tildeling ikkje vert overhelde.

Dersom bustaden vert overdregen til ny eigar i avskrivingsperioden for tilskotet, vil resterande tilskot verta kravd tilbakebetalt, eventuelt verta omgjort til eit rente- og avdragspliktig lån. I særlege tilfelle f.eks ved sal av bustad som fører til tap, kan kravet om tilbakebetaling av tilskot fråfallast.

 

9. Klagerett

Det er klagerett på vedtak om tilskot til etablering. Klagen må vera skriftleg, og skal sendast til Ullensvang kommune, Opheimsgata 31, 5750 Odda. Klagen må grunngjevast, vise til det vedtaket det vert klaga på og kva endringar ein ynskjer. Klagefrist er tre veker frå underretning om vedtak er kome fram.

Dersom klagen ikkje vert gitt medhald, vert den sendt til klagehandsaming i Ullensvang kommune.