Renovasjonstenester for hytter og fritidsbustader

Ullensvang kommune ynskjer å leggje til rette gode ordningar med vekt på kjeldesortering for hyttefolk. I større hytteområde har det vore tilbod om levering av sorterte avfallstypar. Vi arbeidar med å gje stadig fleire abonnentar gode løysingar for kjeldesortering ved hytta.

Ikkje sorteringsordning for ditt hytteområde?

Dersom det ikkje er etablert sorteringsordning for ditt hytteområde, kan du levere papir, papp, drikkekartongar, plastemballasje og glas- og metallemballasje til miljøstasjonane i kommunen.

 

Følgjande avfallsstypar må leverast til miljøstasjonen:

  • Bygg- og rivningsavfall, møblar, metall og andre store gjenstandar.
  • Farleg avfall, t.d.: beis, måling, lakk, løysemiddel, spillolje, lut, batteri og trykkimpregnert treverk.
  • Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall). EE-avfall kan òg leverast gratis i retur til forhandlar!