Renovasjonsabonnement

Vår tanke er at det skal løne seg å tenkje miljø, dvs. produsere minst mogeleg avfall. Avfallsmengda varierar etter tal på medlemer i husstanden, men vi finn også store skilnader mellom relativt sett like hushald.

Tinging og oppseiing

For tinging av nytt abonnement og oppseiing av abonnement skal det nyttast søknadsskjema:  Søknad om fritak for renovasjonsgebyr og endring av abonnement

 

I tidlegare Odda kommune held ein fram med returpunkt slik ein har hatt tidlegare.

 

Prisar: Gebyrregulativ renovasjon

 

Småhushald:

  • Henting av restavfall og papp, papir og plast ein gong i månaden
  • Henting av bioavfall annankvar veke
  • 140 liter behaldarar

Normalhushald:

  • Henting av rest- og bioavfall annankvar veke
  • Henting av papp, papir og plast ein gong i månaden
  • 140 liter behaldarar

Storhushald:

  • Henting av rest- og bioavfall annankvar veke
  • Henting av papp, papir og plast ein gong i månaden
  • 240 liter behaldararar for restavfall

 

Prisar: Gebyrregulativ renovasjon

Endring av abonnement

Endring av abonnement som berre omfattar endring av leveringsfrekvens eller behaldarstorleik, dvs. overgang mellom gebyrklassane små-, normal eller storhushald, kan meldast med ei forenkla skriftleg melding.

Skjema: Søknad om fritak for renovasjonsgebyr og endring av abonnement

 

Har du spørsmål, eller ynskjer informasjon om ordninga:

Ullensvang renovasjon

Oppheimsgata 31

5750 Odda

renovasjon@ullensvang.kommune.no

482 78 733

u-ren.no

 

Avfall som ikkje har henteordning

Lever til returpunkt eller på miljøstasjonane:

  • EE-avfall (elektrisk- og elektronisk avfall) kan leverast på miljøstasjonane eller til forhandlar.
  • Større gjenstandar, avfall frå bygge- og riveprosjekt, samt farleg avfall må leverast til miljøstasjonen.
  • Hytteeigarar må levera vanleg hushaldsavfall i hyttecontainarar.

 

Det er eit eige skjema for Søknad om fritak for renovasjon.