IMG_5238 (1)

Rehabiliteringsopphald i institusjon

Rehabiliteringsopphald i institusjon er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §3-2 punkt 5, jfr § 3-2 punkt 6 c og § 3-1.

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Kven får tildelt rehabiliteringsopphald

Tenesta vert tildelt ut frå fagleg vurdering og prioritering til brukarar over 18 år.

  • Brukar må ha eit tidsbegrensa behov for tverrfagleg rehabilitering, som er så omfattende at det er behov for heildøgnsopphald i institusjon.
  • Brukar må vere motivert for eigeninnsats og ha forståing for eigen situasjon
  • Brukar må kunne samarbeide, ta instrukser i ein treningssituasjon og vera i stand til å nyttiggjera seg av eit rehabiliteringsopphald.
  • Brukar må kunne delta i aktiv opptrening når oppholdet startar på rehabiliteringsavdelinga.
  • Brukar må vera medisinsk utreda og ha ein medisinsk stabil helsetilstand.

 

Rehabilitering i institusjon kan bli vurdert ved:

  • Akutt skade eller sjukdom som fører til varig eller langvarig funksjonsnedsetting.
  • Kronisk helsetilstand med varierande eller tiltakande funksjonsnedsetting.
  • Eldre og uføre som får funksjonsnedsetting som følge av «normal» aldringsprosess (med unntak av brukarar som har rus, demens eller psykiatri som hovudutfordring)

 

Praktiske opplysningar

Mål for opphaldet må vera avklart og det vidare tenestetilbod må vera klart når rehabiliteringsopphaldet vert avslutta.

Under rehabiliteringsopphaldet samarbeidar ulike faggrupper med brukaren, til dømes fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar, helsefagarbeidar, lege og logoped.

Tilsynslegen har det medisinske ansvaret dersom ikkje anna er avtalt. Vel brukar å nytte eigen fastlege, betalar brukar sjølv for legetenesta.

Utgifter til medisin, medisinsk utstyr, kost og losji, samt bruk av institusjonen sine hygieneprodukt er dekka av eigendel og dermed inkludert i pris.

Brukar må ha med seg naudsynt personleg utstyr og hjelpemiddel.

Reiseutgifter til og frå institusjonen er inkludert. Kjem ein frå sjukehus, vert reisa dekka av transportordninga.

 

Pris

Det er krav om eigenbetaling pr. døgn fastsett i forskrift. Pris på opphald finn du i kommunen sitt gebyrregulativ på Framsikt > Helse og omsorg.

 

Artikler