EldrerådetKontakt ossReglement for Ullensvang eldrerådHeimel og samansettingMynde og oppgåverÅrsmeldingAndre bestemmelsar
Paragraf symbol lent mot blå vegg

Eldrerådet

Eldrerådet er eit rådgjevande organ i og for kommunen. Rådet skal ha til handsaming og kunna uttala seg til saker som gjeld målgruppa. Rådet kan også sjølv ta opp aktuelle emne og spørsmål.

Formålet med eldrerådet er å bidra til å sikra ei brei, open og tilgjengeleg medverknad i saker som gjeld eldre.

Kontakt oss

Ola Torbjørn Sekse

Leiar: Eldrerådet

ola.torbjorn.sekse@ullensvang.kommune.no

91 51 69 78

Linn Østerbø

Politisk sekreteriat

linn.osterbo@ullensvang.kommune.no

48 21 59 84

 

Reglement for Ullensvang eldreråd

Vedteke i Ullensvang kommunestyre sak 045/20 – 26.02.2020

 

Heimel og samansetting

  1. Ullensvang kommune sitt eldreråd er heimla i kommunelov § 5 – 12 Kommunale råd. Rådet er eit folkevald organ etter novande lovtekst.
  2. Ullensvang eldreråd har 7 medlemer med personlege vara som alle er valde av kommunestyret for heile valperioden. Fleirtalet av medlemene i eldrerådet skal på valtidspunktet ha fylt 60 år.
  3. Dei eldre sine organisasjonar har rett til nominera 6 medlemer med personlege varamedlemer. Det skal etterstrevast god geografisk spreiing av rådet Det 7. medlemet med personleg vara skal veljast inn som kommunestyret sin representant i rådet. Dette medlemet med vara bør difor begge vera medlemer av kommunestyret.

 

Mynde og oppgåver

a. Eldrerådet er eit rådgjevande organ i og for kommunen

b. Rådet har rett til å uttale seg i saker som vedkjem rådet si målgruppe

c. Rådet skal ha til handsaming og kunna uttala seg til saker som gjeld målgruppa

d. Rådet kan sjølv ta opp aktuelle emne og spørsmål

e. Rådet kan oppnemna brukarrepresentasjon til kommunale plannemnder og
utgreiingsarbeid

f. Rådet skal ha hovedfokus på saker som gjeld kommunen sine overordna planar
og budsjett, og ha desse sakene til handsaming;

  • årsbudsjett og økonomiplan
  • kommuneplanar
  • planar om universell tilgang til byrom og offentlege bygg
  • overordna statlege satsingar og prosjekt – som» Leve hele livet» – og planar for helse-, sosial- og omsorgssektoren – som sjukeheims- og omsorgsutbygging
  • kommunalt bustadprogram
  • reguleringssaker
  • samferdselssaker
  • kulturbyggsaker ( kulturbyggplan) og andre planar og tiltak av generell karakter

g. Rådet kan fatta vedtak om disponering av midlar innan sitt budsjett

 

Årsmelding

Eldrerådet skal – som råd for funksjonshemma og ungdomsråd – utarbeida årsmelding. Desse går samla til kommunestyret som sak.

 

Andre bestemmelsar

  • Rådmannen peikar ut sekretær for rådet.
  • Rådmannen ved sekretær kallar inn dei valde rådsmedlemene til konstituerande møte. Obligatoriske saker;
  1. Val av leiar og nestleiar for valbolken.
  2. Møteplan for rådet .

Det er lagt fram forslag til møteplan frå administrasjonen. Reglementet for rådet er meldingssak på dette møtet og vert gjennomgått etter at møteinnkalling og sakliste er godkjent Sekretær for rådet har ansvar for desse rutinene.

  • Forfall til møte skal varslast så tidleg som råd til sekretær som kallar i vara..
  • Rådet skal administrerast i Ullensvang kommune sitt arkiv /sakssystem
  • Leiar i rådet har innstillingsrett til rådet
  • Rådet skal ha tilgang til sakskartet sitt minst 5 arbeidsdagar før møtedagen
  • Rådet skal utarbeida møteplan for det komande året innan utgangen av kvart kalendarår
  • Rådet kan be om, og har krav på å få orientering / utdjuping til saksframlegg frå rådmannen eller andre som møter på vegne av rådmannen
  • Rådet utarbeider forslag til budsjett
  • Reglane i Kommunelova om kommunale nemnder (folkevalde organ) og Forvaltingslova om habilitet ( forv.lova § 6 ) gjeld fult ut for rådet sine medlemer jmf. og Kommunelova § 5 – 13 *
  • Kommunestyre fastset møte- og leiargodgjersle for eldrerådet som del av felles sak for folkevalde organ.

*Kommunelova § 5-13.Reglement for folkevalgte organer Folkevalgte organer skal ha et reglement som fastsetter
a) organets virkeområde og eventuelle vedtaksmyndighet
b) tidsperioden som organet er opprettet for
c) eventuelle andre sentrale bestemmelser om organets virksomhet