Bunke med papirer på eit kontor

Delegeringsreglement 2020-2024

Delegeringsreglementet til Ullensvang kommune seier noko om kva oppgåver Ullensvang kommunestyre sjølv skal ta avgjersle i og kva oppgåver som er delegert vidare til andre utval og til rådmannen.

Heimel for delegering

Lovgrunnlaget for systemet med delegering av mynde ligg i kommunelova sin §6. I utgangspunktet ligg alt vedtaksmynde, som ikkje spesifikt er lagt til andre, til kommunestyret.

Kva er delegering?

Delegering er at nokon, dvs organ eller stilling, (A) med mynde gjev ein annan, dvs organ eller stilling, (B) mynde av same art som ein sjølv (A) har.

Delegering frå td. kommunestyret til rådmannen for eit bestemt saksfelt gjer ikkje at kommunestyret mister noko av sitt eige mynde på dette saksfeltet. Kommunestyret kan framleis fatte vedtak på dette saksfeltet på same måte som rådmannen kan.

Uansett om det er rådmannen eller kommunestyret som fattar vedtak er det kommunestyret som har ansvaret for saksfeltet. Når rådmannen fattar vedtak innan dette saksfeltet, gjer han dette på vegne av kommunestyret, og har då ikkje det formelle ansvaret for vedtaket. Rådmannen har likevel eit ansvar i forhold til kommunestyret som sin overordna og det organ som har gjeve delegasjonen.

 

Kvifor delegering?

Den viktigaste grunnen til at det skjer delegering av mynde, er å avlaste det organ eller den stillinga som sit med myndet og fordele arbeidsbelastninga på fleire. Ein annan årsak kan vere at det for å fatte hensiktsmessige vedtak er behov for fagkunnskap som den med mynde ikkje har. I tillegg vil delegering i dei fleste tilfelle gje kortare saksbehandlingstid i einskildsaker.

Kommuneloven § 6 slår fast at det i hovudsak berre er kommunestyret som har mynde til å fatte vedtak på vegne av kommunen. Når ein ser det tal vedtak som blir fatta i kommunen årleg, seier det seg sjølv at det ikkje er hensiktsmessig eller praktisk mogleg at alle disse blir fatta av kommunestyret sjølv. For å unngå ein slik situasjon er det vanleg at kommunestyret derfor delegerer deler av sitt mynde til andre organ i kommunen. Dette kan vere til andre politiske organ eller til rådmannen.

 

Delegeringsreglementet vart vedteke i Fellesnemnda 21.11.2018:

Merk: Del 1 og 2 vart skrive i 2018 før ny kommunelov, dvs at alle henvisingar til paragrafar er til gamal kommunelov. Delegeringsreglement er under revisjon og vil bli oppdatert så fort det er vedteke.