Vask deg - kampanje ved Odda folkebad

Denne veka startar Odda folkebad ein kampanje for å få alle badegjestene til å forstå kor viktig det er å vaska seg før dei går i bassenget.

Og poenget er..?

Dei som ikkje dusjar, drar med seg så mykje rusk og rask at me må bruka mykje klor for å halda bassenget reint.

Kva er så ille med klor då?

Litt klor går fint. Men i større mengder kan det vera irriterande både for hud, luftvegar og auger.

Jaha, og kva er liksom den "rette" måten å dusja på?

Ta av ALLE kleda, gå inn i dusjen og vask heile kroppen med såpe, spesielt der basseluskane blomstrar. Skyll godt av og ta på badetøy. Så enkelt!

Jammen så nøye kan det vel ikkje vera. Kan eg ikkje berre..?

Nei!!

TAKK  for at du bidrar til eit reinare basseng - TAKK for at du vaskar deg!

 

Og sjølvsagt er det viktig å vaske seg i alle bassenga våre i kommunen - ikkje berre i Odda :-)