Reglement for elevar ved kulturskulen

Velkomen som elev/søker i kulturskulen og dei spanande moglegheiter som ligg føre deg. For å lykkast med kunstfaga er det nokon ting som er verdt å nemna som vi har tatt med i reglementet vårt.

Reglement

  1. Elevane pliktar å retta seg etter dei ordensreglar som til ei kvar tid gjeld for undervisning i kulturskulen og for dei lokala der undervisinga finn stad.
  2. Elevane har plikt til å møta førebudde og presise til timane, dette krev regelmessig øving heime
  3. Ved stadig fråvær utan grunn, manglande interesse eller av disiplinære grunnar, kan eleven bli oppmoda om å slutta. Avgjerd om dette skal bli tatt av lærar og verksemdsleiar ved kulturskulen etter samtale med dei føresette.
  4. Eleven har krav på undervisning etter oppsett timeplan. Endring av timeplanfesta undervisning skal meldast til eleven/føresette så tidleg som råd, jf. « Stillingsinstruks for lærarar «
  5. Fråvær frå undervisning skal meldast i så god tid som råd til lærar, eventuelt til administrasjonen ved skulen dersom ein ikkje får kontakt med lærar.
  6. Føresette kan, etter avtale med lærar, vera til stades i undervisinga.
  7. Elevane i kulturskulen har krav på å få utlevert rimeleg gode instrument i dei disiplinane der instrument er til utleige. I disiplinar der kulturskulen ikkje har utleigeinstrument, MÅ eleven ha tilgang til øvingsinstrument.
  8. Skade på instrument og utstyr som er tilsikta eller kjem av ansvarsløyse, skal erstattast av eleven. Eventuelt krav om erstatning vert sett fram av verksemdsleiar. Vedlikehald etter vanleg slitasje vert kosta av kulturskulen.
  9. Eleven må sjølv kosta notemateriell og anna utstyr som skal nyttast.