
Reglar for bruk av torget i Odda sentrum
Ullensvang kommune v/Turistinformasjonen har ansvar for utleige av torget i Odda sentrum.
Reglar for bruk av torget
- Ut- og innkøyring skal skje frå vest på nordsida av Torget 2/4. Området er skilta med innkøyring forbode, unntak er torghandlar med avtale.
- Betaling:
Ved plassbestilling gjer du avtale om betaling via VIPPS eller ved å få tilsendt faktura. Torghandlarar med fast plass har eigen avtale. For fakturering kjem eit faktureringsgebyr på kr 45,- i tillegg. - Akseltrykk er sett til 6 tonn
- Tidspunkt for å stå på torget er kl. 08.00 – 22.00. Køyretøy eller anna utstyr som til dømes tilhengarar, kan ikkje stå på torget over natta.
- Plassering av torgbilane skal i mest mogeleg grad stå i aust/vest retning. Benkane skal ikkje brukast til oppstilling av varer, og torgbilane må plasserast så langt frå benkane at dei kan nyttast av publikum.
- Oljesøl eller liknande frå torgbilane er ikkje tillate. Om nødvendig skal det leggjast plast eller liknande under bilen for å hindra slik forureining.
- Det er tilgang til straum i kvar ende av langsgående rabatt med hekk, og vatn i høgre ende ved vassrenna. Det trengst nøkkel til straumskap, avtal ved tinging av plass.
- Kvar torghandlar må kosta og eventuelt spyla vekk laust avfall på plassen når dei er ferdig for dagen.

Satsar for utleige / gebyr
Øvrige | 2021 | 2022 |
---|---|---|
ØvrigeGebyr torgplass ein heil dag | 2021350 kr + ev. 40 kr i straumkostnader | 2022350 kr + ev. 40 kr i straumkostnader |
ØvrigeSesongleige | 2021180 kr + 40 kr i straumkostnader | 2022180 kr + 40 kr i straumkostnader |
Øvrige Årsleige | 2021kr 13.000 + 40 kr i straumleige pr dag for 12 mnd a 2-3 dagar pr veke | 2022kr 13.000 + 40 kr i straumleige pr dag for 12 mnd a 2-3 dagar pr veke |
ØvrigeInntektsgjevande kulturarrangement i sentrum: | 2021Leige kr 1.300,- pr. døgn inkl. straum. | 2022Leige kr 1.300,- pr. døgn inkl. straum. |
Har du spørsmål? Ta kontkat med:

Turistinformasjonen i Ullensvang
+47 480 70 777
#torg