Eldre dame

Praktisk bistand opplæring

Praktisk bistand opplæring er heimla i Helse og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6, bokstav b.

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Kven får praktisk bistand opplæring

Brukar må grunna fysisk eller psykisk funksjonshemming ha eit særleg stort hjelpebehov, der det også er naudsynt med tilrettelegging i dagleglivet.

Det må ligge føre helseopplysningar som tilseier at søkjar ikkje har tilstrekkelig grad av eigenomsorg, eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp i dagleglivet.

Tenesta skal bidra til å gje tenestemottakar med samansette hjelpebehov gode levekår og livskvalitet. Tenesta skal kompensere for nedsett evne til eigenomsorg.

Tenesta skal bidra til at tenestemottakar vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet.

Basisen i arbeidet er opplæring og målretta miljøarbeid – hjelp til sjølvhjelp.
Tenesta vektlegg aktiv brukarmedverknad, sjølvstendiggjering og deltaking.

Tenesta omfattar hjelp til eigenomsorg, hjelp til personleg stell og personretta praktisk bistand. Døme på dette kan vere:

  • Hjelp til eigenomsorg og personleg stell
  • Påminning, motivering og rettleiing i dagleg reinhald og stell av bustad
  • Motivering, rettleiing og hjelp til sosiale aktivitetar
  • Planlegging av daglege gjeremål ved bruk av for eksempel dags- eller vekeplan
  • Økonomistyring; hjelp til å styre eigen økonomi, evt søkje om å få oppnemnt verje
  • Opplæring i sosiale ferdigheter – nettverksbygging
  • Hjelp til å komme i gang med arbeid, dagtilbod og fritidsaktivitetar
  • Butrening
  • Opplæring i daglege aktivitetar/ gjeremål
  • Hjelp til å oppretthalde ferdigheiter som tenestemottakar har frå før

Tenesta vert gitt til avtalt dag, og tidspunktet vert sett i samråd med tenestemottakar. Tenesta vert gitt i samarbeid med tenestemottakar

  • Overta oppgåver tenestemottakar kan gjere sjølv.
  • Praktisk hjelp til reingjering av heimen som ikkje er knytt til opplæring, er å sjå på som heimehjelpsoppgåver, og dei kommunale satsane for heimehjelpstenester er gjeldande.

 

Pris

Det er inga eigenbetaling for praktisk bistand opplæring.