Person som vasker benkeplate

Praktisk bistand (heimehjelp)

Praktisk bistand er heimla i Helse og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6, bokstav b.

*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.

Kven får praktisk bistand

Personar som ikkje kan ivareta omsorg for seg sjølv eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål kan få tilbod om tenesta praktisk bistand

All hjelp vert tildelt etter individuell vurdering og kartlegging av hjelpebehovet. Mål for tenesta er å yte hjelp til praktiske gjeremål i brukar sin heim.

  • Søkjar må ha fast adresse i kommunen.
  • Personar som bur aleine vert prioritert framfor søkjarar som bur i lag med funksjonsfrisk ektefelle/sambuar.
  • Brukar skal utføre mest mogelig sjølv.
  • Om ikkje anna er avtalt skal brukar sjølv vera til stade når praktisk bistand vert utført.
  • Tenesta skal bistå med å dekka naudsynte behov den einskilde ikkje er i stand til å ivareta
    Døme kan vera:
    Rengjering av rom du nyttar til dagleg; dvs. bad, WC, kjøkken, soverom, stue, og gang. Golvvask/støvsuging, oppvask, skifte av sengetøy, vask av tøy i vaskemaskin eller levering på vaskeri.
  • Handling av matvarer ein gong i veka.

All hjelp vert tildelt etter individuell vurdering og vurderast fortløpande. Det blir i hovudsak tildelt praktisk bistand til reinhald kvar 3.veke.

Det kan gis hjelp til vindusvask 2 ganger i året. Det krev at ein kan vaske vinduene frå innsida eller frå altan/terrasse. Vindusvask vil ikkje føre til auka tid til praktisk bistand så anna reinhald vert prioritert ned.

Vask av kjøleskap 4 ganger årlig. Annen vask vert då prioritert ned.

Naudsynt utstyr til vask og reingjering, inkl. vaskemiddel, må vere tilgjengelig. Heimehjelp vert ikkje utført i helg og høgtidsdagar.

Tenesteytar skal ikkje handtere brukar sine bankkort eller kontantar.

Brukar skal gje beskjed seinast 1 veke på førehand dersom det er ynskje om å avlyse tenesta ein aktuell dag eller byte dag. Ved akutte situasjonar må ein gje beskjed så fort som råd.

Dersom tenesteytar er hindra frå å møte til avtalt tid, må dette meldast til brukar så snarast mogeleg.

Dersom hjelpa unntaksvis ikkje vert gjeven til avtalt dag, vil brukar få tilbod om anna dag dersom kapasitet i tenesta tillèt dette.

  • Stryking av klede, laging av middag, klesvask for hand.
  • Reinhald av  fryseboks/fryseskap
  • Storreinhald, herunder vask innvendig i skap, nedvask osv.
  • Rengjering av rom som ikkje er i dagleg bruk som gjesterom.
  • Vask av altan og terrasse
  • Sølv-, kobber- og messingpuss
  • Lage i stand til selskap eller rydde etter besøkande
  • Hagearbeid eller snømåking/brøyting
  • Vaktmesteroppgåver i bustadblokker som bl.a. vask av trapp og fellesareal 
  • Hjelp til kjæledyrhald

Pris

Heimehjelp er eit månadsabonnement regulert i «Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester». Satsar for eigenbetaling vert vedteke av kommunestyret kvart år, utanom det som er statens maksprisar.

  • Timepris kr: 398,- pr time.
  • Betalingssatsene gradereast etter husstandens samla inntekt ved siste skattelikning. Med husstand meiner vi dei som har forsørgarplikt overfor kvarande.
  • Prisane justerast  årleg.

 

Grunnbeløpet (G) er per 1. mai 2021 kr 106 399,-

Tilbod20212022
TilbodHeimehjelp inntil 2 G pr månad 2021Til ein kvar tid statens gjeldande maks sats2022215 kr pr mnd
TilbodHeimehjelp 2-3 G pr time2021896 Kr pr mnd2022936 kr pr mnd
Tilbod Heimehjelp 3 - 4 G pr time20211319 Kr pr mnd20221378 kr pr mnd
Tilbod Heimehjelp 4 -5 G20211841 Kr pr mnd20221924 kr pr mnd
TilbodHeimehjelp over 5 G20212472 Kr pr mnd20222583 kr pr mnd
TilbodEnkeltimar2021381 Kr pr mnd2022398 kr pr time
TilbodTrygghetsalarm2021257 Kr pr mnd2022269 kr pr mnd
TilbodUtlån/vask av sengetøy pr mnd2021339 Kr pr mnd2022354 kr
TilbodVedarlagsbetaling for opphald på sjukheim2021Statens maksimalsatsar. Makssats pr mnd. Avgrensa til kurdøgnprisen som er 2820 kr i 2020 og tilsvarande 84551 pr mnd.2022Statens maksimalsatsar. Makssats pr mnd. avgrensa til kurdøgnprisen som er kr 3911 i 2022 og tilsvarande 117 330 pr mnd.