Praktisk bistand (heimehjelp)
Praktisk bistand er heimla i Helse og omsorgstenestelova § 3-2 punkt 6, bokstav b.
*Tenestebeskrivinga skal opp til politisk handsaming, tar atterhald om endringar.
Kven får praktisk bistand
Personar som ikkje kan ivareta omsorg for seg sjølv eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål kan få tilbod om tenesta praktisk bistand
All hjelp vert tildelt etter individuell vurdering og kartlegging av hjelpebehovet. Mål for tenesta er å yte hjelp til praktiske gjeremål i brukar sin heim.
- Søkjar må ha fast adresse i kommunen.
- Personar som bur aleine vert prioritert framfor søkjarar som bur i lag med funksjonsfrisk ektefelle/sambuar.
- Brukar skal utføre mest mogeleg sjølv.
- Om ikkje anna er avtalt skal brukar sjølv vera til stade når praktisk bistand vert utført.
- Tenesta skal bistå med å dekka naudsynte behov den einskilde ikkje er i stand til å ivareta
Døme kan vera:
Rengjering av rom du nyttar til dagleg; dvs. bad, WC, kjøkken, soverom, stue, og gang. Golvvask/støvsuging, oppvask, skifte av sengetøy, vask av tøy i vaskemaskin eller levering på vaskeri. - Handling av matvarer ein gong i veka.
All hjelp vert tildelt etter individuell vurdering og vurderast fortløpande. Det blir i hovudsak tildelt praktisk bistand til reinhald kvar 3. veke.
Det kan gis hjelp til vask av vindauge x 2 per år. Det krev at ein kan vaske vindaugo frå innsida eller frå altan/terrasse. Vask av vindauge vil ikkje føre til auka tid til praktisk bistand så anna reinhald vert prioritert ned.
Vask av kjøleskap x 4 per år. Anna vask vert då prioritert ned.
Naudsynt utstyr til vask og reingjering, inkl. vaskemiddel, må vere tilgjengeleg. Heimehjelp vert ikkje utført i helg og høgtidsdagar.
Tenesteytar skal ikkje handtere brukar sine bankkort eller kontantar.
Brukar skal gje beskjed seinast 1 veke på førehand dersom det er ynskje om å avlyse tenesta ein aktuell dag eller byte dag. Ved akutte situasjonar må ein gje beskjed så fort som råd.
Dersom tenesteytar er hindra frå å møte til avtalt tid, må dette meldast til brukar så snarast mogeleg.
Dersom hjelpa unntaksvis ikkje vert gjeven til avtalt dag, vil brukar få tilbod om anna dag dersom kapasitet i tenesta tillèt dette.
- Stryking av klede, laging av middag, klesvask for hand.
- Reinhald av fryseboks/fryseskap
- Stor-reinhald, herunder vask innvendig i skap, vaska ned osv.
- Reingjering av rom som ikkje er i dagleg bruk som gjesterom.
- Vask av altan og terrasse
- Sølv-, kopar- og messingpuss
- Lage i stand til selskap eller rydde etter besøkande
- Hagearbeid eller måking av snø/brøyting
- Vaktmeisteroppgåver i bustadblokker som bl.a. vask av trapp og fellesareal
- Hjelp til kjæledyrhald
Pris
Heimehjelp er eit månadsabonnement regulert i «Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester». Satsar for eigenbetaling vert vedteke av kommunestyret kvart år, utanom det som er statens maksprisar.