Oppvekst og utdanning

Plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar for barn og unge

Hovudmålet med planen har vore å laga eit verktøy for betre tverrfagleg samarbeid til barnets beste. Krava i høve innhald i planen kjem fram av barnevernsreforma-/plankrava i barnevernlova.

Tverrfagleg samarbeid med aktuelle tenester, både eksternt og internt i kommunen er avgjerande i dette arbeidet. Tenestene skal saman med barnet og familien dyrka fram sunne barn og unge som kan handtera eventuelle utfordringar og risikoar i framtida.

Etter arbeidet med førebyggjande plan kan ein konkludera med at Ullensvang kommune har mange gode tiltak. Vidare satsing er utvikling av eksisterande tiltak, og ikke nødvendigvis oppretting av nye tiltak. Bakgrunn for dette valet er at kommunen etter samanslåing vart ein langstrekt kommune med store avstandar, der tenestene brått vart mykje større enn tidlegare. Det har difor vore ein prosess å samordna rutinar for kvar teneste, og definera nye.

Etter oppstart av planarbeidet tilbake i 2020, har det skjedd endringar på fleire punkt innanfor samarbeid og tiltak. I planen har arbeidsgruppa saman med ulike tenester i kommunen utarbeidd ei oversikt over førebyggjande tiltak som eksisterer i kommunen. Oversikta kan brukast til vidareutvikling av tenestene, samstundes som det er klart kven som har ansvar.