Oppvekstplan-10

Permisjon frå pliktig opplæring

Elevar kan få permisjon frå grunnskuleopplæringa inntil ti skuledagar om gongen.  Føresette søker om permisjon og må søke i god tid på førehand. Det er skulen som handsamar permisjonssøknaden.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor den norske kyrkja, har rett til permisjon på trussamfunnet sine helgedagar. Føresette må sørge for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den vanlege undervisninga når eleven er tilbake.

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) §2-2