Parkeringsløyve for forflytningshemma

Er du bilførar eller passasjer og har eit særleg problem med å bevega deg over lange strekningar, kan du søka om parkeringsløyve for dei som er forflytningshemma.

Løyvet blir gitt i form av eit personleg parkeringskort som gir deg rett til parkering på merka parkeringsplassar. Korta gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med framsida godt synleg.

 

SKJEMA

 

Vi gjer spesielt merksam på at sak ikkje blir handsama før vi har mottatt både søknadsskjema, legeerklæring og bilete. Manglende dokumentasjon kan føra til avslag på søknad.

 

Søknad saman med  legeerklæring og bilete skal du senda til:

Ullensvang kommune

Opheimsgata 31

5750 Odda

postmottak@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00

ullensvang.kommune.no