Pakkeforløp heim for kreftpasientar

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft skal bidra til at pasientar og deira pårørande skal oppleve eit velorganisert og forutsigbart forløp basert på pasientens behov for oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga. Pakkeforløpet skal også bidra til auka fokus på livskvalitet, god helse og meistring for pasientane.

Pakkeforløp heim består av tre samtalar der ein kartlegg behov. Den første samtalen vert gjennomført i spesialisthelsetenesta ved diagnosetidspunkt. Dei to andre vert det tilbod om i kommunen, ca. 3-4 månader og ca. 12-18 månader etter diagnose stilt.

Viss du ynskjer det, kan pårørande delta i samtalen.

Takkar du ja til tilbodet, vil du få tilsendt eit infoskriv i forkant av samtalane.

Her i kommunen er det i hovudsak kreftkoordinator og ressurspersonar innan kreftomsorg som gjennomfører desse samtalane.  Om du ynskjer oppfølging via fastlege, er det du sjølv som ordner dette.

Meir informasjon finn du på nettsida til Helsenorge: Pakkeforløp heim for pasientar med kreft.

Har du spørsmål, ta kontakt med:

Tildelingskontoret

Opheimsgata 31

5750 Odda

tildelingskontor@ullensvang.kommune.no

53 65 47 16

Kreftkoordinator

Besøksadresse: Bygdarbøen 2

5750 Odda

kreftkoordinator@ullensvang.kommune.no

97 55 85 44