Oversikt tilfluktsrom
Tilfluktsrom er permanente beskyttelsesrom som er bygd for å kunna gi vern for befolkninga, slik at dei som er i nærområdet kan søkja tilflukt i ein krigs-/ beredskapssituasjonen.
Tilfluktsrom vert berre tatt i bruk viss det oppstår heilt spesielle, alvorlege hendingar, til dømes krig. Når det vert behov for å evakuera til tilfluktsrom, vert befolkninga varsla.
Mange typar katastrofar og alvorlege hendingar krev beredskap, men sjeldan eigne tilfluktsrom. Du er godt verna i eigen heim viss du har førebudd deg.
Tilfluktsrom i Ullensvang
Dei offentlege tilfluktsromma er kommunen sitt ansvar i fredstid og vert drifta av sivilforsvaret i krigstid.
Oddahallen er kommunen sitt største tilfluktsrom med plass til omlag 3000 personar.
Du finn offentlege tilfluktsrom på fylgjande stader:
- Odda
- Oddahallen
- Bygda
- Knausen
- Tyssedal
- Skogly
Elles i kommunen ligg tilfluktsrom i tilknytning til skular og offentlege bygg.
Ved interesse om meir informasjon finn du dette på Sivilforsvaret sine nettsider.